Starta frå Heggheim og spurte ein kar om å parkere ved tunet. Det gjekk greitt. Fulgte merka rute oppover. Bratt rute, som er merkt, men ikkje så tydeleg tråkk. Etter kvart vart stien meir tydeleg og betre å gå. Tok av til høgre opp lia mot toppen av Heggheimsfjellet, sidan den merkte stien er ruta til Heggheimsstølen. Fulgte vidare terrenget over til toppen vest for Flatjordsnova. Sti opp siste stykket til toppen. Tok sikte på Trollebottseggane. Litt stor stein eit stykke. men ellers greitt å gå. Flott utsikt mot Jølstravatnet. Kjekt å sjå Eggenipa frå "baksida". Retur mot toppen vest for Flatjordsnova. Deretter tok eg sikte ned skaret mot stien. Litt keitete rute, men ellers greitt.
Ruta nedatt var litt utfordrande enkelte plassar på grunn av vanskeleg å sjå stien.
Må innrømme eg er imponert over dei som nytta ruta opp til Heggeimsstølen som stølsveg.
Kommentarer