Sunnmorkhølen frå Kåsastølen (22.06.2023)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Stølsknuten (531moh) | 22.06.2023 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Sundmorkvatn (475moh) | 22.06.2023 |
Me fekk besøka Stavanger Turistforening si nyopna utleigehytte Sunnmorkvatn to framifrå godversdøgn ved midtsommar. Eg visste at det måtte vera ei perle, og det var det sanneleg, flott oppussa av eldsjeler frå Strand og Forsand turlag. Hytta ligg faktisk i Sunnmorkhølen sør for og litt lågare enn sjølve Sunnmorkvatnet. Men så har ein kanskje vald å kalla henne Sunnmorkvatn for at det skal høyrast finare ut, og i alle fall for å ikkje forveksla henne med den gamle fjellgarden Sunnmork nord for vatnet der dagens sauehytte ligg. Sjølve hytta i Sunnmorkhølen er frå 70-talet, men er som nevnt nyoppussa.
Me kom inn torsdag kveld i 1930-tida etter ein litt dryg tur frå Kåsastølen på noko over 3 ½ timar. Det vart drygt fordi me gjekk feil ½ times gange før hytta og måtte snu. Tipset er å gå til høgre etter siste brua i den sørlege bukta i Sunnmorkvatnet, og ikkje til venstre som me gjorde. Problemet var at det var nødla og delvis merka begge vegar. Bruene var forresten ikkje ferdige då me gjekk turen, men stokkar og plankar flogne inn med helikopter.

Hytta har to separate utleige-einingar, og me var heldige og var utan naboar det første døgnet. Om kvelden tok eg meg ein sving oppom Stølsknuten og såta vestanfor, og fekk flott utsikt mot Songesandstølen og Songesandheia der me tenkte oss utover dagen etter. Og det beste var at vêret var meldt like godt for heile opphaldet vårt.

Av fuglar holdt strandsnipe, linerle, gauk, ringtrost og heipiplerke oss med selskap, både på turen og ved hytta, og i hølen vaka det småfisk heile tida.
Kommentarer