Solgladberget (18.06.2023)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Solgladberget (1,332m) | 18.06.2023 15:25 |
---|
Tur to i området rundt Vavatn i Hemsedal i dag. Køyrde vidare oppover på fjellvegen frå parkeringa til Kvitingane. Like etter kryss til Harahorn hotell m.m. var det bom. Kr. 90 chippa med kort, enkelt og greitt. Litt dyrt for den vesle turen eg skulle på kanskje. Men eg hadde no køyrt heile vegen opp. Betalte kr 60 ved førre parkering og. Ja-ja. Det blei ein fin tur vidare. Varmt i veret og overskya. Sikta meg inn på ein hytteveg. Der den stoppa gikk det sti vidare oppover, noko syd for fjellet. Alltid lurt å følgje sti. Tok av ved ei mast, og følgde trakk vidare, før eg stampa kursen rett opp på ryggen. Lett og gå når ein kjem over lyng-partia. Gikk innom trig.punkt og varde, men heldt fram til neste varde. Så må ein også ned litt, og vidare til haug nr. 3. Der ute er høgaste punktet på fjellryggen. Viktig å ikkje snu ved fyrste store varde. I dag hadde eg ikkje peakbook sin app, og difor inga raud nål å sikte etter. Men brukte Norgeskart friluftsliv sin app. Svært fin utsikt mot alle fine fjella runde Vavatn undervegs oppå topp-ryggen her. Det kom to torden-skrell, men dei var langt unna, og det blei ikkje noko regn. På returen følgde eg mykje same rute, men litt meir rett ned frå fjellet. Sti der og. Nesten nede ved hyttefeltet fresa eg forbi eit stikryss, og kom ned på vegen noko lenger syd.
User comments