Eit par nutar i Vinje (17.06.2023)
Written by bakken59
Ascents | Rorgefjell (1,091m) | 17.06.2023 |
---|---|---|
Steinburonuten (1,009m) | 17.06.2023 |
Nydeleg sommardag - 22-25 grader, deilig ned litt lufting på toppane. Gjekk frå Homvasstålan opp vegen til Kvæven. Derifrå busha eg mot sør til Steinburonuten. Brukte litt tid på å identifisere fugl. Fuglelåtappen identifiserte mange, men det var berre ein ny til lista mi som eg såg sikkert, men til gjengjeld to gonger: ringtrost!
Frå denne første toppen gjekk eg nordover, også rein bussing sjølv om eg sneie innom fleire gamle stigar på vegen. Rorgefjellet har eg vore på før for fleire år sidan, men dagens tur var betre. Litt lufting, nokre snøflekkar framleis, men mest nye irrgrønne lyngbakkar og godværshimmel. Rasta på nuten lengst aust - saman med ein ringtrost. Busha ned til Stålan. 8,16 km, 3 t 43, 514 hm. Gjekk aleine.
User comments