Gjegnen via nordryggen (16.06.2023)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Bestigninger | Gjegnen (1670moh) | 16.06.2023 21:46 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Bjørndalen stengd veg (40moh) | 16.06.2023 21:46 |
Gjegnen nordegga | 16.06.2023 21:46 | |
Kringsjåsteinen (705moh) | 16.06.2023 21:46 |
Gjegnen – fjellet har ein spesiell plass i hjertet til mange kring Nordfjorden. Dette er majesteten – ein kjem ikkje vekk frå det. Både farfaren og faren min fekk eit eige drag i stemma når dei snakka om Gjegnen. Ingen av dei har vore på toppen. Uansett korleis du vrir og vender på det så er det ein lang tur.
Eg og Mari fekk audiens i 2008, på ein tur frå Hyen med Nordfjord Turlag. «Ein dryge tur» sa turleiaren, og sjølv om eg hadde gått ein del i fjellet hadde ikkje studietida gjort underverker for fjellforma.
Då eg rota meg borti fjellklatring nokre år seinare kom det meg for øyret at nordryggen hadde vore klatra. Så fekk eg vete at lokale ekstremsport-pionerar hadde gått ryggen både opp og ned berre iført joggesko som ein del av ein campingtur. Deretter hadde eit dusin C-kjendisar klyve seg opp her berre iført symaskinfot, tindevegledarar og ein haug med filmkamera. Tida var altså overmoden for å avlegge Gjegnen eit nytt besøk.
Denne veka kom med ekstrem varme. Nordryggen dirra gjennom lufta. Tiltrekninga vart uimotståeleg.
Eg og Juan hadde avtala tur til Molladalen denne fredagen, men vi la om planane. Eg spurte naboen, som jobbar for SFE, korleis det er med den bomvegen? Han tilbydde skyss opp vegen til stistart. Men vi måtte gå returen sjølve.
Vi køyrde forbi skiltet ved bommen, som viste 16 km til Gjegnen. Må ein gå turen herifrå er det eigentlig berre å drite i det. Det legg ei heil mil ekstra til turen, og det er langt på ein allereie dryg tur.
Avgang 9:30, og vi tok det med ro oppover hyllene. Ingen grunn til å slite seg ut på starten av ein lang dag. Landskapet er stort – mykje større enn det ser ut på avstand. I tillegg tar stien nokon solide omvegar for å kome seg gjennom hyllesystema. Det er ikkje nødvendig å ha fulle vassflasker frå start, men det kan vere lurt å fylle før ein kjem inn i steinørkenen den siste biten mot innsteget.

Vi var på innsteget klokka 12, og tok ei skjeve her før vi starta. Første delen opp ein kamin kløyv vi utan tau. Så tok eg på tauet og gikk opp til første hylle. Eg sette berre 2 sikringar på 50 meter, så kan sikkert diskuterast. Deretter rusla vi til andre hammar, der det vart to enkle taulengder til. Så kom vi etter kvart til det berømte krukset som nesten degraderte «jegertvillingane» til berre «tvillingar». Dette er den einaste ordentlige klatringa på ryggen, og er raskt ekspedert. Deretter turens einaste luftige parti eit par meter, før det var lett klatring siste hammaren.
Klatringa er stort sett ganske enkel, men ein kan skade seg om ein ramlar. Og det er jo ein del laus stein og rusk og rask oppi her. Det er berre nokre få stader at ein risikerer å ramle av fjellet. Stort sett klatrar ein i store formasjonar og ryggen er brei. Det er sjeldan særlig luftig – eigentlig berre eit eller to punkt. Vi hadde på tauet for å kunne sikre om det vart behov, og det var behagelig. På mange av taulengdene vart det berre satt eit par sikringar for sikkerheits skuld. Vi nytta 3 timar på denne delen – med standplass og greier så var dette rimelig effektivt.
Juan var usikker på snøen siste biten. Så då gikk vi med tau opp siste snøfelt. Snøen var mjuk og fin, så det var ingen problem. Til og med ein hjort hadde trakka seg opp her. Vi nådde toppen 15:30.
Her vart det ei skjeve og nyting av utsikta. I ytre strøk var det skodde og i indre strøk var det tordenskyer, så her var vi absolutt på rett stad! Veldig varmt også her.
Men no byrja turen si eigentlige utfordring: 16 km utmarsj. Puh.... det var berre å byrje å gå. Kva skal ein seie om utmarsjen? Det er jo berre å setje eine foten framom den andre så kjem ein ned til slutt. Vi gikk i taulag over breen sidan der var ein del snø. Vi var ved stistarten klokka 20 og ved bilen klokka 21. GPSen klokka inn på 27 km. Med litt rally Ålfoten så rakk vi ferga 21:40 også.
Deilig å kunne nyte ei svele og sjå på dagens turmål midtfjords. Dette var ein knalldag – takk for turen Juan!
Starttidspunkt | 16.06.2023 09:33 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 16.06.2023 21:07 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 11t 33min |
Bevegelsestid | 11t 10min |
Pausetid | 0t 22min |
Snittfart totalt | 2,5km/t |
Snittfart bevegelsestid | 2,5km/t |
Distanse | 28,5km |
Høydemeter | 1658m |
Kommentarer
Herlig!
Skrevet av Affen 18.04.2024 15:06Gjegnen har kneisa så flott i alle dei år eg har kjørt forbi på Stårheim sida oppveksten ytterst i Nordfjord. Egentlig intet mindre enn ei skandale at eg enda ikkje har vert der... Men det blir ofte slik med majestetar. Det må være den rette anledninga. Men så til spørsmålet: Ville der hengt et tau over sekken din om du skulle gå nordryggen en gang til? Sånn heilt hypotetisk sjølvklart.
Sv: Herlig!
Skrevet av kobbenes 19.04.2024 08:17just do it! flott tur!
tau eller ikkje - smak og behag. mange har gått here utan - også slike eg ikkje vil kalle ekstremsportutøvarar. sjølv synest eg det er kjekt å ha moglegheita.
dessutan må ein jo over eein kort brepassasje på returen - riktig nok snill og oversiktlig, men...
blir litt som å spørje om det er trygt å køyre utan bilbelte ;-)
Sv: Sv: Herlig!
Skrevet av Affen 19.04.2024 09:23Hehe...
Det var vel derfor eg spurde om det ville henge eit tau på din sekk på ein potensiell tur til, framfør å spørje om du syntes at eg burde gå utan :-)
Som ivrig lesar av dine turrapportar over mange år ville det gje meg eit betre inntrykk av eksponeringa enn dei fleste verbale skildringar.
Men ja, eg er for så vidt heilt på linje med deg. Det var i grunnen eit toskete spørsmål.
Vestryggen neste?
Skrevet av TERJES 17.06.2023 14:36Jeg ser at det er sti på kartet på østsiden av Isevatnet og videre over Gjegnalundsbreen, med bestigning fra sør. Lurer det noen farer på denne breen? Men når jeg studerer kartet over disse områdene i Nordfjord så er det veldig tett mellom strekene på kartet.
Sv: Vestryggen neste?
Skrevet av kobbenes 17.06.2023 15:00Hei, den merka stien rundt isevatnet er dnt-sti. Den fulgte vi ned. Den er dryg men ikkje noko spes. Bre er bre men denne er ganske grei. Går ein seinsommeren så har ein god oversikt. Sjå bilete frå Sondre sin rapport.
Fin tur
Skrevet av Steingeita 17.06.2023 07:47Oioioi for ein fin tur!
Sv: Fin tur
Skrevet av kobbenes 17.06.2023 07:51ja dette var flott! tenker de får sjangsen til å gå den sjølv med tid og stunder :-)