Rasmusskardheia (07.06.2023)

Geschrieben von olgamariet (Olga Marie Torsvik) GSM

Karte
Besteigungen Rasmusskardheia (958m) 07.06.2023

For ein dag!

For et par veker siden gjekk me til Åsliknuten på andre siden av vegen. Då var det for mykje snø til å prøve oss oppøve skaret mot denne toppen.
Etter nåken dager med fantastisk sommervær og god snøsmelt så var føret i dag veldig annerledes, og alt låg an til et nytt eventyr i dei Lyngsheiiske alper.

Me parkerte ved ein støl på Songesandsiden av Rasmusskardheia, studerte terrenget og la ein slagplan for kor me skulle gå. Så gjekk me inn til hyttene. På andre siden av eiendommen viste det seg at sauene hadde laga motorvei like til topps, og som kjent er firbeinte ofte bedre enn tobeinte på å finne beste veg. Så sjølv om det var meget vertikalt til tider, så var det ingen grunn til å betvile ullprodusentene.
Dette er absolutt ikkje stedet å gå når det er vått, og jaffal ikkje glatt. Men i dag var det ein nydelig (litt svett og andpusten) opplevelse. Vel oppe fra første skaret var det skikkelig viddefølelse, med svaberg og snøfonner. Elsk!

Og derfra var det jo bare ein liten bakke igjen før toppen. Utsikten innfridde: Me såg både Lysefjorden og fjellheimen. Finnes det ein bedre kombo <3

Sånn for løye fant eg ut at me kunne prøve å gå ned igjen på andre siden, mot heia på Årdalsiden. Det starta med å ake på rumpa 150 meter - herlig!
Så litt laus ur. Not so herlig.
Så laus ur på kanten av ei snørenne (under hadde vore lav måloppnåelse).
Så skikkelig blaut skli-måse, som blei litt sånn mud-sliding nedover. Så tregrensa. Så lyng og fast grunn. Lykke. Åååå lykke. Me levde ennå. Outsmarted by sauer.

MAGISK flott tur!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.