Hestås m to elgkalvar (29.05.2023)  3

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Duration 0h 48min
Distance 1.9km
Vertical meters 140m
GPS
Ascents Hestås (223m) 29.05.2023

<

Den tredje turen for dagen på Rørholt. Vi parkert ved kyrkjegarden og inspiserte den først; veldig fin! Vi fann ein gjengrodd stig oppover, men den forsvann fort, så vi busha oppover i ordentleg bratt terreng. Vi gjekk opp på fortoppen først og så ned i mellomsøkket, før vi begynte å forsere sjølve toppen. Først såg eg ein brun rygg som forsvann i buskene, trudde det var eit rådyr kanskje, men etter fem minutt og eit nivå høgare opp, gjekk vi rett på to nyfødde elgkalvar! Det første dyret må vel ha vore mora? Det var så vidt kalvane stod på beina, men mora var ikkje å sjå, så vi lista oss så raskt vi kunne unna. Sjølve toppunktet var eit vonbrot, ikkje så fin utsikt som vi hadde tenkt, og dessutan grusomt mykje mygg! Vi runda halve toppen for å finne ein farbar veg nedatt, det var bratt! Til slutt fann vi vel sporet av ein stig i bratta og kom greitt ned. Køyrde ned til brygga i Rørholtfjorden og tok rasten der. 1,9 km, 140 hm, 48 min. Benjamin var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.