Nattjennåsen (27.05.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 1h 00min
Distance 4.0km
Vertical meters 217m
GPS
Ascents Nattjennåsen (643m) 27.05.2023 10:12
Visits of other PBEs Værtjern parkering/snuplass (430m) 27.05.2023 10:44

Etter overnatting i bubil ved sandtak nokre km etter Krøderen, var vi klar for neste etappe. Marita hadde surfa litt på PB, og spurte om eg ville gå til ein topp med bra pm-faktor ganske nær. Eg var ikkje så vond å be om tur, sjølv om det var litt tidleg for meg. Så då trilla vi i veg, og snart tok vi av ved Snarum. Det var om lag 10 km å køyre til startpunkt for turen. Det meste på grusvei, der ca. 6 km var bomveg. Kun kr 30. Kjapp tur. Følgte ATV-veg, men tok ein snarveg også. Frå stølen Høgsetra var det merka til toppen, på vekselvis ATV-veg og sti. Frå toppen var det veldig fin utsikt. Såg snøkledde Blefjell og Gaustadtoppen. På toppen var det bygd eit tårn med platting ca. 5 meter opp. Stege av tre opp dit. Det freista ikkje å prøve den for min del, sjølv om utsikta sikkert var enno betre derifrå. Skreiv meg i bøkene i to postkasser på toppen. Tok ei litt meir direkte rute i starten på returen, elles mykje same rute, sett bort frå ein mislykka snarveg, som førte meg inn i eit trongt plantefelt. Fin morgo-trim.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.