Glitteregga (01.04.2023)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Duration 4h 39min
Distance 11.9km
Vertical meters 842m
GPS
Ascents Glitteregga (1,297m) 01.04.2023

Glitteregga

Påske del 1. Kommunetoppen i Stad.


Værvarselet for påska var strålande. Eg hadde køyrt fra Ålesund til foreldrene mine i Hornindal dagen i forvegen etter ei veke med arbeid. Tonje og Silje kom køyrande frå Bergen same kvelden.

Målet med påska var å få gått mest mogleg på ski, og kanskje få samla nokon kommunetopper og 2000 toppar.

Eg foreslo for familien å legge turen til Glitteregga. Det er eigentleg litt rart at eg aldri har vore på dette fjellet før, sidan dette er eit av dei fjella ein har best utsikt mot frå heimgarden.



Turfølget vart beståande av mor, far, Silje, Tonje, Svein Otto og Britt. I tillegg skulle Magnar prøve å ta oss igjen etter at han hadde stelt i saudefjøsen.

Vi parkerte etter svingen på Randabygda sida av Nostunnelen, og tok på oss skia i skogkanten etter brua i denne svingen. Første del av turen gjekk i slake bakkar i granskog, deretter bjørkeskog før vi kom til ei stor flate. Frå her kunne vi skimte bakkane opp mot dagens mål.



Ved enden av flata kom det eit lite søkk i terrenget. Her valgte vi å halde oss mest mogleg opp i høgresida mot Høgefjellet for å miste minst mogleg høgde. Frå her hadde vi flott utsikt mot Haugsvarden og flyplassen på Anda, med Gjegnen i bakgrunnen.



Det vart ein liten rast halvvegs opp fyrste bakken etter flata. Her tok Magnar oss igjen. Han sa han hadde teke igjen eit turfølge 10 minutt før han tok igjen oss, men at han vart skuffa då han såg dei hadde to hunder. Han hadde då innsett at det ikkje var oss han hadde teke igjen og at han måtte gå på ei stund til. Uansett, når han fyst tok oss igjen hadde gått på halve tida av kva vi hadde til same punktet.


Rast.
Rast.

Vi skulle ikkje mange høgdemeterane opp etter rastepausa før vi kunne få auge på både Lodalskåpa, Snønipa og Sunnmørsalpane.



Tonje med Skåla og Lodalskåpa bak til venstre, og Snønipa til høgre.
Tonje med Skåla og Lodalskåpa bak til venstre, og Snønipa til høgre.

Det var folksamt i det vi kom på toppen. Folk kom opp frå fleire rettningar, blant anna frå Sonjahytta ovanfor Holmøyane. Frå toppen hadde ein fantastisk utsyn i alle himmelretninger og ein kunne sjå utrulig mange toppar både i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Kanskje ikkje så rart at utsikta er god her toppen ligg plasert midt i Nordfjord og med den 53. høste primærfaktoren i Noreg.


Toppen i sikte
Toppen i sikte
Utsikt mot Sunnmørsalpane og Hornindalsvatnet.
Utsikt mot Sunnmørsalpane og Hornindalsvatnet.
Mot markane og Stryn.
Mot markane og Stryn.
Mot Nordfjordeid.
Mot Nordfjordeid.

Føret ned igjen var litt hardt på starten, men deretter flott påskslush.



Start date 01.04.2023 11:22
(UTC+01:00 DST)
End date 01.04.2023 16:01
(UTC+01:00 DST)
Total Time 4h 39min
Moving Time 2h 31min
Stopped Time 2h 08min
Overall Average 2.6km/h
Moving Average 4.7km/h
Distance 11.9km
Vertical meters 841m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.