Bleia i Lærdal (07.05.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 7h 57min
Distance 26.7km
Vertical meters 1,008m
GPS
Ascents Bleia (1,717m) 07.05.2023 14:56

Triveleg tur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 personar gikk denne relativt lange skituren til hærleg utsiktstopp. Her får ein skitur der mykje går i jamn fin stigning i vakkert landskap. Etter Daudmannsvatnet, litt nedatt til Bleiaskard. Så byrjar dei knapt 500 høgdemeterane opp til varden på toppen. Om lag halve gruppa pausa ved varden, medan oss andre gikk ned til kanten mot Sognefjorden, og naut den flotte utsikta. Her utpå er nokre skavlar, men vi var varsame, og hadde kyndige Jon Einemo med som kjentmann nedpå. Om lag 3 km tillegg på turen, som betalte seg. Så var det siglinga nedatt, der dei fleste hadde det kjekt, og nokre kosa seg meir enn andre. Dei fleste hadde fjellski med feller, og tre nytta rando. Som er morro ned frå toppen, men mest fjellskitur dette, samla sett. Og dei med flellski gleid i frå i snille nedoverbakker siste vel 4 km. Fin ski-dag i aldeles nydeleg vêr.

Mot 1364 Svarthovd.
Mot 1364 Svarthovd.
Passert Daudmannsvatnet. Bleia står klar.
Passert Daudmannsvatnet. Bleia står klar.
Fjordutsikt frå 1560, der vi stig inn på topp-ryggen.
Fjordutsikt frå 1560, der vi stig inn på topp-ryggen.
Frå 1680 moh. med sikt til Fjordlandskapet.
Frå 1680 moh. med sikt til Fjordlandskapet.
Håkon kan sjå heim til Leikanger, men vende seg bort :)
Håkon kan sjå heim til Leikanger, men vende seg bort :)
Frønningan nærast. Flotte fjell og fjordlandskap. Retning mot Leikanger og Balestrand.
Frønningan nærast. Flotte fjell og fjordlandskap. Retning mot Leikanger og Balestrand.
Bleia trappa seg ned mot Frønningen.
Bleia trappa seg ned mot Frønningen.
Ved fjellkanten mot fjorden og Drøftene. Ein flik av Lærdalsfjorden.
Ved fjellkanten mot fjorden og Drøftene. Ein flik av Lærdalsfjorden.
Tilbake mot Bleia sitt toppunkt.
Tilbake mot Bleia sitt toppunkt.
Retur. Blåskavlen og Jernhetta.
Retur. Blåskavlen og Jernhetta.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.