Dyranibba frå Aksland (P-plass vest for tunnelen) (28.04.2023)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Dyranibba (564moh) | 28.04.2023 |
---|
Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord gjekk til Dyranibba ovanom Aksland og starta i 15-tida. Som turen til Akslandsnuten i 2018 og forsøket på Dyranibba i 2021 starta eg vest for tunnelen og følgte den fine og bratte vegen/stien opp i Skåleskard, som gjekk unna på bare 25 min til det gamle leet der. Etter finver på første turen til Høgafjellet hadde det nå begynt å snøa, men snøen la seg heldigvis ikkje og det var grei sikt på heile turen.
Det kuperte lendet vestover til topps gjekk greit, og eg klarte å holda høgda relativt godt. Vel framme ein snau time etter turstart var det heldigvis litt sikt på den svimlande stupkanten, men sjølvsagt ikkje så fin utsikt som toppen fortener. Retur same veg og 1 ¾ timar på tur. Netto 400 hm må nok ha snaut 100 hm tillegg pga. det kuperte terrenget, altså snaut 500 hm i sum.
Kommentarer