Ørnaknuten frå Preikestolhytta (29.04.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Neverdalskarfjellet (584m) 29.04.2023
Ørnaknuten (675m) 29.04.2023

Dette vart ein fin rekognoseringstur til 676-toppen Ørnaknuten ovanom Ørnabu, rett nok prega av svært vekslande ver. Etter transportetappen opp til Neverdalsskardet tok eg av på den merka stien mot Troppevatnet med stadig finare utsikt over Neverdalen. Alt hit opp hadde det vore eit par korte snø- eller haglbyger, men akkurat nå varma sola i sørhellinga så jakken måtte av. Vel oppe på himlaleitet åpna den fine utsikten seg mot Troppevatnet og -tjødnane, og jamvel til turmålet 2,5 km lenger nord.

Eg vinn høgde ovanom Neverdalsskardet og får stadig flottare utsikt over Neverdalen
Eg vinn høgde ovanom Neverdalsskardet og får stadig flottare utsikt over Neverdalen
Minst like flott utsikt over Troppevatnet og -tjødnane. Karakteristiske toppar er kvasse Naganibba og avrunda Husafjellet bakerst, og med turmålet mellom seg
Minst like flott utsikt over Troppevatnet og -tjødnane. Karakteristiske toppar er kvasse Naganibba og avrunda Husafjellet bakerst, og med turmålet mellom seg

Så klarte eg kunststykket å ikkje sjå vegdelet mot Troppevatnet, og i staden fortsatte eg heilt til vegdelet mot Hengjane og Troppeknuten. Det hadde sjølvsagt vore kjekt å sjå att sistnevnte etter over 30 år, men eg tenkte det var best å spara på kreftene etter dei tre turane dagen før. Derfor la eg vegen stilaust aust for 501-tjødna, opp til utløpet av Troppevatnet og langs vasskanten til eg møtte den merka stien att på vestsida.

Innløpet i 501-tjødna med Lammatoknuten som bakteppe
Innløpet i 501-tjødna med Lammatoknuten som bakteppe
Ved utløpet av Troppevatnet. Turmålet, den bratte sørhammaren og ryggen eg skal opp sjåast midt i bildet, og i skardet lurer Kruna seg med
Ved utløpet av Troppevatnet. Turmålet, den bratte sørhammaren og ryggen eg skal opp sjåast midt i bildet, og i skardet lurer Kruna seg med
Urgammal krokfore, truleg heilt frå dansketida
Urgammal krokfore, truleg heilt frå dansketida

Det spennande med turen møtte meg då eg tok av frå stien vidare mot Ørnabu, for å prøva meg opp den bratte sørhammaren på utløparen frå Ørnaknuten. Vestflanken såg styggbratt ut, men på austsida var det litt slakare og eit meir vegetert drag som virka lovande. Som tenkt, så gjort, og med litt bruk av knea og hendene kom eg meg lett til topps på hammaren. Her var det som venta flott utsikt, særleg over Troppevatnet.

Vel oppe av sørhammaren åpnar det seg flott utsikt over Troppevatnet. Dei dominerande toppane er Neverdalsfjellet og Løknuten
Vel oppe av sørhammaren åpnar det seg flott utsikt over Troppevatnet. Dei dominerande toppane er Neverdalsfjellet og Løknuten
Litt lenger inne på ryggen med like flott utsikt mot Moslivarden og Indre Buksetjødna
Litt lenger inne på ryggen med like flott utsikt mot Moslivarden og Indre Buksetjødna
Frå same staden mot Ørnaknuten, Kruna og Naganibba
Frå same staden mot Ørnaknuten, Kruna og Naganibba

Akkurat her var det flott ver med sol, men óg eksponert for ein sur vind. Ikkje nok med det, men lenger vest og nord såg det ut til å koma inn ei retteleg tett byge. Turen vidare nordover til toppen gjekk småkupert og lett på snaue 25 min, heile tida med flott utsikt vestover mot Buksetjødnane og Moslivarden. Den nevnte snøbyga slo dessverre til for fullt like før toppen, så her hadde eg nok med å holda meg på beina og få tatt nokre bilder. Då hadde eg brukt 2 ¼ timar inkludert feilnavigeringa. Om veret hadde vore godt, var planen å få med seg Husafjellet óg, men det var ikkje aktuelt slik forholda var. Returen vart lagt same veg som opp, og nokre spor eg hadde lagt igjen i det brattaste partiet, leidde meg trygt ned att.

Snøbyga feier over Ørnaknuten, og eg har nok med å stå på beina. Godlifjellet dannar bakgrunnen
Snøbyga feier over Ørnaknuten, og eg har nok med å stå på beina. Godlifjellet dannar bakgrunnen
Utsikt mot Hengjanevatnet, eidet mot Svortingsvatnet og Naganibba
Utsikt mot Hengjanevatnet, eidet mot Svortingsvatnet og Naganibba
Utsikt sørover ryggen der eg kom opp, med Troppevatnet og Neverdalsfjellet dominerande
Utsikt sørover ryggen der eg kom opp, med Troppevatnet og Neverdalsfjellet dominerande
Flott klovstein eit stykke sør på ryggen
Flott klovstein eit stykke sør på ryggen

På returen hadde eg ein matpause ved den minste av Troppetjødnane og dessutan ein kort visitt på 582-toppen ved Neverdalsskardet før transportetappen ned til Preikestolhytta. Fasit for turen vart 4 ¾ timar og om lag 700 hm, og ein ny snarveg til Husafjellet var dermed kartlagt.

Tilbakeblikk på sørhammaren, der vegen opp går på austsida
Tilbakeblikk på sørhammaren, der vegen opp går på austsida
Mot 501-tjødna og Troppeknuten
Mot 501-tjødna og Troppeknuten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.