2 Snøkvit og 3 små dvergar på Filefjell (22.04.2023)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Duration 5h 31min
Distance 33.5km
Vertical meters 1,847m
GPS
Ascents Aust for Storeknippa (1,585m) 22.04.2023
Kyrkjenøse (1,654m) 22.04.2023
Nordvest for Storeknippa (1,535m) 22.04.2023
Steinurde (1,521m) 22.04.2023
Storeknippa (1,648m) 22.04.2023

Perfekt dag med skyfritt og skare, og på Filefjell Sirkusparkering kl 10 med sikker solfaktor. Eg vurderte for/mot dobbelt sett stavar med tanke på betre framdrift under skeising, men eg valde å berre ta med teleskopstavane. Isøksa vart med i tilfelle kryssing av Sulevatnet. Fellefritt dei første 5 kvartera, god framdrift på racing-toppturski trass i stigninga, men eg fann ut at det var fånyttes å setje intensitetsgrense. So etter kvart vart det solid distansetrening i stigningene, og det førte nok til at eg vart meir sliten seinare på dagen.
På Filefjellsturen i påska var mangel på eigna kart ein grunn til at det meste gjekk i dass, med repetisjon av Ljøtebott i staden for nye toppar. Denne gongen hadde eg merka meg korleis scooterløypene gjekk, og det var godt nok til at eg fekk N50 'Øye' til å fungere for meg i det litt diffuse landskapet nord for Storeknippa.
Fellar kom på etter kvart, og no nøyt eg å setje ned pumpefrekvensen og gå felleklassisk. Elles var landskap og oppleving skjemd av eit scooterspor som var satt av i unytteøyemed - slik det er til det finst prov på det motsatte - og desse flya som alltid dukkar opp i dette området. Det er tydeleg at ein har ein kommune her som ikkje tek valet mellom å vere fjellråningarena og opplevingsressurs. Viktig med ein tydeleg gest når flya kjem innafor synsvidd..
Etter kvart var det på tide å take av frå løypa. Eg hadde sett ut ein topp aust for Storeknippa som truleg var sjølvstendig. Faktisk er dette ein av tre slike som eg hadde tenkt å sjå oppom, om det ikkje vart Sulevasskryssing og Knipenborgar. Og etterkontrollen syna at primærfaktoren heldt dei magiske 50 og vel så det på alle.

"Aust for Storeknippa", mot Hurrungane
"Aust for Storeknippa", mot Hurrungane

Rask utforkøyring utan å take av fellane. So kort veg til topps på Storeknippa, der ein kan sjå varden på lang avstand.

Sulejell, Suletinden og Berdalseken ffrå Storeknippa
Sulejell, Suletinden og Berdalseken ffrå Storeknippa

No følgde ei lengre og artigare utforkøyring sørover. Sola hadde ikkje løyst opp skaren so mykje at det hadde vorte tungkøyrd enno. Ny stigning, slakt og monotont, før landskapet endrar seg dramatisk på toppen av Kyrkjenøse.

Utsyn sørover mot Hemsedal
Utsyn sørover mot Hemsedal
Imponerande Høgeloft, og Knipenborg
Imponerande Høgeloft, og Knipenborg
For ein gongs skyld tok eg ein skikkeleg rast. Ein grunn var medbrakt vakumpakka kjøt frå Austerrike (bursdagsgåve):
No var snøen tungstyrt, og utstyret ga ikkje noko gratis. Nede i passhøgda mot Storeknippa valde eg å la fellane halde seg i sekken. Etter at eg droppa tanken på Knipenborgar, sto det att to småtoppar, der det å avgjere om dei var toppar eller punkt (PF < 50 m) ville krevje tid på hoydedata.no. So med skeising, staking og fiskebein kom eg meg opp på ein navnlaus topp (med ei overraskande sleika utforkøyring på nordaustsida) og til slutt toppen der kartet har namnet 'Steinurde'. Her var det og ei utforkøyring som hadde vore fin under lettare tilhøve, men eg valde å ikkje banke på.
Midt-Jotunheimen frå ein småtopp nord for Storeknippa
Midt-Jotunheimen frå ein småtopp nord for Storeknippa

Litt slit i motbakke att, so nestan berre glietappe i maskinkøyrd løype, i rolla som hyttefolkets skrekk på køyreski. Og artig nok utan å slite seg opp på Børrenosi til alpinbakken denne gongen.

Heldigvis grov Tindeekspressen seg ut av den oppløysingsutsatte parkeringa. Og nok kaffe att på termokopp til å smelte ein langtidsoppbevart sandwich-is på Grindaheim.

User comments

  • -
    avatar

    Djupt inni Filefjellheimen

    Written by Esone 24.04.2023 20:46

    Vi var i felles ærend, om enn på ulike toppar denne dagen. Mykje eins transport-etappe. Min avreise noko seinare til nabotoppar. Det hender at "nerdete" Peakbookarar treff på kvarandre. Du ligg godt framom meg på Vang-lista. Fantastisk dag i utruleg vakre omgjevnader sist laurdag :D

    • -
      avatar

      Sv: Djupt inni Filefjellheimen

      Written by ersystopo 23.05.2023 22:24

      Såg ikkje denne før no.. Sjeldan ein treff innbitte samlarar, ja, men det hender.

      Dette vart ein bra tur. No ventar eg til snøfonnene vert usamanhengjande og ting tørkar litt opp og held meg i skogen..

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Djupt inni Filefjellhe

        Written by Esone 24.05.2023 20:42
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.