Johannesberg... endeleg (22.04.2023)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Flatfjell (1,071m) | 22.04.2023 |
---|---|---|
Johannesberg (1,446m) | 22.04.2023 | |
Svarthammarhesten (1,288m) | 22.04.2023 | |
Nord for Svarthammarhesten (1,203m) | 22.04.2023 |
Denne turen har eg tenkt på lenge. Fekk tips av ein kollega om at det var fint å gå der no, så då var det berre å finne første og beste dag. Traff på fem karar og to hunder som skulle samme vegen, så då slo eg følge til topps. Litt skare på enkelte parti på veg opp. Men ettersom det var noko skare på veg opp, lurte eg på korleis returen skulle bli. Siste henget før toppen satt eg av meg skia (til liks med fleire av dei andre.) og hadde på broddane for å være sikker på at eg var trygg den bratte bakken.
Heilt vindstille på toppen og kjekt selskap med flott utsikt over Sogn der vi utforska kva dei ulike toppane og vikene vi såg.
Då eg kom nedatt var det så pass tina at dei fleste partia var greitt å komme ned. Sjølv om stilen min ikkje akkurat kan kallast elegant.
User comments