Filefjell er toppen (22.04.2023)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 43min
Distance 34.0km
Vertical meters 1,178m
GPS
Ascents Skøddetinden (1,678m) 22.04.2023 14:21
Kljåkinnknippene Vest (1,662m) 22.04.2023 14:56
Tverrfjellet Vest (1,658m) 22.04.2023 16:16

Solo-tur i dag. Perfekt ver, og dagen var bestemt for lagtur på ski. Gikk opp grøne-løypa frå skitrekket. Så bort i hyttefeltet. Raskast, når ein skal inn i fjellet mot Varhovdflænene. Brukte fjellski med kortfeller i dag. Det var betre å gå utanom trakkemaskin og skuterspor. Heilt fantastisk føre begge vegar. Kunne gå over alt. Transport-etappen mot toppane eg besøkte i dag er lang. Men det er fantastisk flotte formasjonar i fjella, og det skjer noko heile tida, når ein har passert Flænene. Strategien i dag var å ta høgast topp fyrst, Skøddetinden. Den har eg besøkt før, men den ligg rett i leia. Så Kljåkinnknippene Vest, som var lengst i frå start. Vanvittig flott utsikt mot Høgeloft, Ranastonge, m.fl. i Hemsedal og Vang. Og så har vi jo veggen av Jotunheimens 2000 meter toppar. Den blei servert i ulike profilar mange gonger i dag. Av med feller, og fin køyring ned til skaret. På med feller, og forbi Skøddetindane. Fin bue i retning mot Tverrfjellet Vest. Utsikta her var enorm, og overraska meg stort. Sjølve toppen er litt unseeleg, men utsikta prima. Det er ikkje mange som tek skia fatt opp på denne. Klokka viste 20 km, og her sette eg meg ned for fyrste gong. Kjende at eg var trøytt. Åt opp resten av mat og drikke. Retur frå denne og ned til bilen tok 1 1/2 time, som var litt kjappare enn forventa. Sidan det var splitt i skuterspora opp, viste eg at eg kunne få litt kortare retur-reise. Heldt høgdene, ikkje skuterspora. Det gleid stort sett heilt ned til bakken mot høgaste punkt på Vardhovdflænane. Valde utanom trakkemaskin-traseen ned frå Flænenen. Morro, og tok ein sjanse på å renne rett ned i lang bein linje, mot der det går litt motbakke igjen. Gikk fint lenge, så litt skare-lugg, og såååå. Rett i gjennom tynt snølag, skia under snøen, og super-trynings i ca. 40 km/t. Gikk bra denne gongen og. Men kvifor brukar vi hjelm kvar gong på Randonee-tur og ikkje på fjell-ski. Gir eigentleg ikkje meining. Må re-vurdere den. Siste etappe i slalom-løypa var eg heldig med. Heilt nykøyrt og laust og fint i toppen. Var ganske mør og tørst då eg nådde bilen. Køyrde til Jokeren, og kl. 18:05, kunne eg konstatere at den stengde kl. 18. Det blei både Farris og sukkerfri Red-bull på Kiwien i Lærdal. Sliten og tyrst. Full av inntrykk etter ein fantastisk dag i fjellheimen.

Mellom toppane er er det merkelg nok jamn fin stigning opp til ca. 1520 moh.
Mellom toppane er er det merkelg nok jamn fin stigning opp til ca. 1520 moh.
Ein liten kikk tilbake.
Ein liten kikk tilbake.
Skøddetinden.
Skøddetinden.
Frå Skøddetinden mot sørvest.
Frå Skøddetinden mot sørvest.
Ned i skardet. Veggen er Vesle Jukleeggi.
Ned i skardet. Veggen er Vesle Jukleeggi.
Kljåkinnknippene Vest.
Kljåkinnknippene Vest.
Høgeloft og Store Jukleeggi. Hardeggi som ein vegg i framkant.
Høgeloft og Store Jukleeggi. Hardeggi som ein vegg i framkant.
Tilbakeblikk mot Skøddetinden.
Tilbakeblikk mot Skøddetinden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.