Hustveitsåta på ski frå Hustveit (14.04.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hustveitsåta (1,187m) 14.04.2023

Når kameraten lokka med skitur til Hustveitsåta, var eg lett å be, og som dei to sommarturane la me sjølvsagt starten til Hustveit. Med ganske nøyaktig 1000 hm er dette ein skikkeleg godtur, som let oss heldige oppleva Ryfylkenaturen frå garden via stølen og heilt til høgaste nuten. Veret var godt med skiftande skydekke, men óg med ein kjøleg austavind. Ellers var me spente på kor langt det var opp til snøen, men den viste seg å ligga alt på 400 moh, helst betre enn me kunne venta.

Her kom skia på, og eg hadde tatt sjansen på renneski sjølv om det er småkupert deler av ruta. Me holdt oss til sommarruta fram til Stølsvatnet og trengte begge bruene opp hit. Vidare tok me langs sørsida av Øvrastølsvatnet og hadde matpause i le av ein stor stein her. Kameraten hadde vore til topps for nokre veker sidan og anbefalte at me tok opp Fagradalen eit stykke før me tok småbratt opp eit drag til høgre. Dette gjorde at me kom opp på toppryggen om lag ved 900m-koten, og me sparte dermed heile omvegen om Storavatnet som er normalruta sommarstid.

I kanten av Øvrastølsvatnet med massivet beint imot
I kanten av Øvrastølsvatnet med massivet beint imot
Ferdige med matpausen
Ferdige med matpausen
Vel oppe på toppryggen på om lag 900 moh med Vardanuten beint imot
Vel oppe på toppryggen på om lag 900 moh med Vardanuten beint imot

Vel oppe på ryggen var det bare å finna «evighetstempoet» snaut 300 hm til topps. Dette gjekk greit, til stadig betre utsikt, men meir vind og både tørrare og hardare snø. Til slutt var det som venta partier med hard skare, og opp til sjølve toppsåta valde eg like godt å ta av skia. Vel oppe ved varden etter om lag 3 timar var det tid for gratulasjon og beundring av utsikten før me fann det best å koma oss nedover att.

Utsikt over Storavatnet
Utsikt over Storavatnet
Frå oppunder toppen med utsikt mot Sauda
Frå oppunder toppen med utsikt mot Sauda
Vintraleg på 1187moh
Vintraleg på 1187moh
Fornøgd på Hustveitsåta!
Fornøgd på Hustveitsåta!

Kvaliteten på nedrennet var så som så i dei småkrevande forholda med skare og vind, men nedanfor toppryggen begynte det å bli retteleg fint. Nedanfor Stølsvatnet tok me oss ein kaffipause før siste etappe ned til våren. Dette siste nedrennet gjennom skogen var forresten bare moro med innlagte hinder av ulike slag, men til slutt måtte sjølvsagt skia på sekken att.

Frå toppryggen med utsikt mot Suldalseidet ved Hylsfjorden. Til venstre for midten sjåast Mårheinuten/Vinjanuten
Frå toppryggen med utsikt mot Suldalseidet ved Hylsfjorden. Til venstre for midten sjåast Mårheinuten/Vinjanuten
Ved Stølsvatnet med Jonestølen
Ved Stølsvatnet med Jonestølen
Mot Vårstølsvatnet
Mot Vårstølsvatnet

Dette vart til saman 5 ½ flotte timar på tur med to pausar. Ikkje liv å sjå eller høyra i høyden, men sjølvsagt fuglesong i vårskogen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.