Røyrhusnibba (16.04.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Røyrhus
Duration 0h 1min
Map
Ascents Røyrhusnibba (1,284m) 16.04.2023 16:42
Dagens
Dagens

Dag to på topphyttetur i Hjørundfjorden. Etter gårsdagens stortur til Urkedalstind tok turfølget i dag sikte på ein litt kortare tur. Valet fall på Røyrhusnibba. Nedkøyringa her var vestvendt, så vi kunne få tid til god frokost og utvasking før avgang.

Bonden på Røyrhus kunne fortelje at han var slaktar for Ringdal, og laga den svært gode "Alpepølsa" som er ei personlig favoritt på skjeva. Eit godt utgangspunkt der altså.

Vi svinga oss rundt på nordsida av Røyrhusnibba, og kryssa oss opp henget på nordvestsida. Smæsjing på toppen - sat nok her ein times tid.

Atter seg eg slike fjell og dalar
Atter seg eg slike fjell og dalar

Nedkøyringa var enda bedre enn gårsdagens. Eg har ikkje gjort veldig mykje bratt-ish køyring, men no var eg jo på tur med fleire brattentusiastar, så då måtte eg jo prøve meg. Bra driv ned heile flanken. Dritgøy!

Deretter var det strake vegen tilbake til bilen og heim til våren!

Takk for turen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.