Storebottskarvet (26.03.2023)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 07min
Distance 9.6km
Vertical meters 846m
GPS
Ascents Storebottskarvet (1,719m) 26.03.2023 16:50

I dag var det vanskeleg å bestemme seg turmålet. Langrenn, fjellski, men helst topp da. Turmålet blei bestemt 200 meter før rundkøyringa i Borlaugskrysset. Vegringa gikk på to element. Det var meldt aukande vind i høgda ut over dagen, og dette med solo-tur høgt til fjells. Turen hadde eg heller ikkje gått tidlegare. Turen vart opptur. Det einaste minus var vinden. Den førte til at eg returnerte frå flanken, og gikk opp sør-aust. Egentleg eit betre val uansett, vil eg meine. Men der og då, når eg snudde og slapp med nedatt 40 høgdemeter, var det ugreitt. Vinden, samt at skia skyfla laussnøen i bratta. Hard skare under. Det hadde ikkje vore problem å komme opp da. Men det viste seg at ruta rundt gav meg god ly for vinden heilt til eg var på topp-platået. Gikk på begge toppunkta, for å sikre meg høgaste punkt. Men her var det nok store varden som var høgast. Det blæs vanvittig på toppen. Men varden var brei og gav ly til å ordne kle, hjelm og feller. Turen nedatt. Whaooo. Kor eg kosa meg, i laussnøen. Lett å køyre mjuke gode svingar. Både frå topp, der det bikka frå flate partiet, og ned i skogen. Ja der var det opp mot halvmeteren med djupsnø, men det gikk fint. Ein aldeles triveleg dag på ski :)

Storebottskarvet til høgre.
Storebottskarvet til høgre.
I ly av varden.
I ly av varden.
Nydeleg nedkøyring frå toppen. Høgast på høgre sida.
Nydeleg nedkøyring frå toppen. Høgast på høgre sida.
Mot Hemsedal.
Mot Hemsedal.
Toppar over Hemsedal. Ein ser Gyrinosvatnet/Flævatn med demninga.
Toppar over Hemsedal. Ein ser Gyrinosvatnet/Flævatn med demninga.
Toppen, med snø-røyk. Har alt fått to fine køyra-parti nedover.
Toppen, med snø-røyk. Har alt fått to fine køyra-parti nedover.
Mørkedalen mot Bjøberg.
Mørkedalen mot Bjøberg.
Mot Ershovdstølane.
Mot Ershovdstølane.
Snart brattar det til mot skogen. Bilde mellom dei to forrige, og ned mot parkeringa.
Snart brattar det til mot skogen. Bilde mellom dei to forrige, og ned mot parkeringa.

[https://flow.polar.com/training/analysis/7609489255#|Tur-info frå Polar med spor begge vegar.]

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.