Akslafjellet (25.03.2023)

Written by olgamariet (Olga Marie Torsvik) GSM

Map
Ascents Akslafjellet (443m) 25.03.2023

Lørdag og duskeregn, finfin dag å bestige Aksla på.
Me var litt spente på føret, eller rettere sagt terrenget. Kjørte innover mot Nedreidane, der det er mange parkeringsplasser. Desse vert nok brukt til camping når sesongen tar seg opp, men i dag var det berre ein campingbil på plass, litt lenger inne - den såg me når me kom tilbake til bilen.

Me gjekk pittelitt tilbake langs asfalten, så tok me opp og fulgte ein gammal traktorveg et par hundre meter. Den førte oss ut i terrenget, men det er fint å gå, så me gjekk langs elva et stykke, frem til me kom på ein ny anleggsveg. Då kunne me sytalaust følge den opp til et oppdemma vatn, der det var aldeles nydelig. På vegen opp fulgte vi stien på venstre siden av vatnet og rundt nova, deretter ein sti (mest sannsynlig dyretråkk, men lett å følge) oppover mot toppen. Det er så kjekt med dei turene kor ein ser toppen lenge før ;)
Og plutselig var me oppe.

Når eg gjekk oppå toppen fekk eg sjå at andre sida var ikkje nåke alternativ for oss uten vinger, for der var det stuuuupbratt, bokstavlig talt. Flott utsikt!
Halve turen hadde me gått i veldig lavt skydekke og duskeregn, litt meire regn, så duskeregn igjen - men på toppen klarna det opp, og me fekk sjå fjorden på den eine siden og dalen på den andre. Spiste, drakk nydelig kaffi, og gjekk ned igjen i et skar slik at me kom rett på vatnet, i stedet for å gå rundt. Begge deler var like fint, gudd med ein minirunde :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.