Hjelmelandsvarden etter jobb (10.03.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Map
Ascents Hjelmelandsvarden (983m) 10.03.2023 10:40

Etter lite turaktivitet i vinter vart det ein svipptur på Hjelmelandsvarden etter jobb. Kaldt og klart etter fleire dagar med snøvær. Det var nytrakka spor oppover bakkane og skiføret verka framifrå. Det har gått fleire ras i området i det siste, så eg grov ein profil under topphenget for å undersøke litt. Nedfokka nysnø og noko som såg ut som eit rimlag litt lenger nede i dekket. Ikkje veldig lett å løyse.

På toppen var det nydelig utsikt med lav sol og bitande kaldt. Berre å glede seg til nedkøyringa.

Diverre slo fellane seg vrange i kulden og la att masse lim på skia. Det har dei også gjort tidligare i kaldt vær - skikkelig irriterande. Det lugga skikkelig ned første bakkane, men etter kvart kom eg i det minste litt meir på gli i skikkelig superføre. Jaja. Nye fellar må til der altså.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.