Piggjafjellet og Husafjellet frå kraftstasjonen (23.02.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Husafjellet (451m) 23.02.2023
Husafjellet aust (449m) 23.02.2023
Piggjafjellet (424m) 23.02.2023

Om lag 2 timar på tur utan nærare tidtaking. Opp om Fossabrekka, og oppom Piggjafjellet som verken hadde navn på kartet eller sti sist gang eg var der. Det var truleg for 30 år sidan då eg óg var over toppen av Husafjellet. Retur om Kjellbrekk og Selemork, der eg såg ein hønsehauk i flukt.

Både Husafjellet og Piggjafjellet er nok gamle navn som er brukte i Selemork/Seljeskog, der Husafjellet ligg nærast garden/huset og Piggjafjellet reiser seg ganske kvast, som ein pigg mot himmelranda. Sistnevnte vart óg kalla Stempiggjen etter Stemmen, utløpet av Tømmervatnet.

Flott utsikt over Tømmervatnet med utløpet Stemmen sett frå Piggjafjellet. Av toppane dominerer Homsknuten, vidare Kjellsfjellet, Kjeatofjellet og Lomafjellet

Frå same staden mot Selemork og Jørpeland. Me ser både huset i Selemork og kraftstasjonen. Førlandsåsen dominerer

Mot Øykjafjellet (492moh) og Husafjellet (455moh) på andre sida av Kalddalen. Desse må ikkje forvekslast med Øykjafjellet i Dalen og Husafjellet som eg var over på denne turen

Frå hovudtoppen av Husafjellet mot trioen i nordaust; Guromyrfjellet, Homsknuten og Kjellsfjellet

Frå same staden mot Storåfoss og nedre del av Kjellbrekk. Dei dominerande toppane er Øykjafjellet i Dalen og Tibergfjellet

Monstermaster over austtoppen av Husafjellet

Frå same staden mot Piggjafjellet og Stemmen, utløpet av Tømmervatnet. Tunglandsfjellet dannar bakgrunnen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.