Holvikfossen (16.12.2022)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point trivselsskogen parkering
Characteristic Ice climbing
Duration 2h 53min
Map
Visits of other PBEs Holvikefossen (325m) 16.12.2022

Holvikfossen er eit flott fall som ligg rett ovanfor Sandane sentrum, lett synlig frå Firda Gymnas. Allereie i fjord såg at at denne fraus overraskande fort. Så då vart det jo svært fristande å få klatra denne saken.

Starten av desember hadde vore svært kald, og alt som kunne krype og gå av islijer var inne. Lokal hardman Erlend Aunevik var gira på ein tur denne fredagen, og eg hoppa i støvlane på Firda etter undervisning klokka 10. Vi gikk frå parkeringa 10 min etterpå. Effektivt der altså! Det viste seg at Erlend allereie hadde vore opp fossen to gonger dei siste dagane.

Eg tok første lengde, og tok ei fin linje på høgre sida. Hard is gjorde at eg søkte mot den våtare delen midt på. Vart kanskje 30m med vedvarande WI3 (om det gir meining). To år sidan eg leda noko å snakke om på is, så litt rusten i starten. Fann rytmen etter kvart, men godt å ha rikelig med skruar. Siste 20m var vassing, før eg sette standplass under topphenget etter 50m.

Erlend tok neste, og gikk mot venstre, og opp ei slags søyle heilt til venstre. Denne lengda var litt brattare, WI4-ish med ei flott og luftig uttopping.

Nydelig tur, pakka saman ved utsiktsplatformen og jogga tilbake til bilen, der vi var klokka 13. Effektivt der altså! Luksus!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.