Blåskavlahovden (26.11.2022)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 58min
Distance 14.4km
Vertical meters 1,059m
GPS
Ascents Blåskavlahovden (1,444m) 26.11.2022 14:26

Hadde planlagt nokre nye toppar i Aurland kommune dette året. Men ein skitur til Blåskavlen, som gjengangar, var den einaste fram til i dag. Køyrde til parkeringa i svingen under garden Vikesland. Her er det oversikt-tavle, og omtale av fleire turar i området. Stølen Hovdunga er nok mest bestøkt. Men om ein held fram oppover fjellryggen er både Hovdungavarden og Blåskavlavarden etablerte turmål i Aurland. Følde ruta mot Hovudunga, men vart freista av ein snarveg opp skogen ganske tidleg. Denne manøveren tok eg oppatt litt før Hovdunga, for å få ein kortare veg til turmålet. Veldig fint terreng oppover. Litt snø frå ca. 1100 moh. Passerte under Hovdunga-varden, som skulle få besøk på returen. Noko meir snø etterkvart, men aldri meir enn om lag 8 - 10 cm i dag. Noko avblæse og. Måtte vere litt merksam på is og små-kjøver under snøen. Veldig lettgått frå Hovdungavarden og resten av turen til store Blåskavlavarden. Der var det turpostkasse, og sjekk-ut på UT-appen. Men mitt turmål låg 600 meter lenger i sør sør-austleg retning. Såg merkeleg ut, då hele terrengen såg lågare ut bortetter. Her var det såpass flatt og med grasbakke, at ein kunne jogge. Då eg kom til det som måtte vere øvste flata, viste den rett nok 1 meter høgare enn terrenget ved Blåskavlavarden. Så den som samlar på toppar, lyt bort på høgaste topp-punktet, sjølv om det visuelt ikkje liknar på topp. Bonusen her på høgaste punktet på fjell-ryggen, var flott utsikt til merkerte Ljosberg framfor Tarven. Svart berg, nesten loddrett over Viddalsvatnet. Eller Fretheimsdalsvatnet, som øvste del heiter. Kunne ikkje sjå vatnet. Så vart det retur til Blåskavlavarden for Sjekk-UT og nokre skjever, før eg byrja på returen. Turen nedatt vart dagens nytelse. Lett terreng, heilt ned til skog-grensa. Vakkert lys, og flott låg sol. Utsikta frå Hovdungavarden mot fjorden, og fjella var aldeles nydeleg :) På føremiddag vurderte eg litt til og frå, det å gå ein så lang tur høgt til fjells denne årstida. Ein må nøyta seg så lenge snøen held seg på avstand. Angra definitivt ikkje på val av tur i dag.

Ryggen som går ut frå Hovdungo. Her ca. 1100 moh. Ein båt på Aurlandsfjorden.
Ryggen som går ut frå Hovdungo. Her ca. 1100 moh. Ein båt på Aurlandsfjorden.
Her ser ein mot Hovdungavarden.
Her ser ein mot Hovdungavarden.
Har passert Liahovden, og ser terrenget i retning mot toppen.
Har passert Liahovden, og ser terrenget i retning mot toppen.
Blåskavlavarden. Blåskavlen dekka av skyer i dag.
Blåskavlavarden. Blåskavlen dekka av skyer i dag.
Sørleg retning. Det svarte berget er Ljosberg. Tarven bakom.
Sørleg retning. Det svarte berget er Ljosberg. Tarven bakom.
Sør, sør-vestleg retning.
Sør, sør-vestleg retning.
Sjølvbilde frå topp-punktet.
Sjølvbilde frå topp-punktet.
Blåskavlavarden sett frå sør.
Blåskavlavarden sett frå sør.
Tidleg på retur mot Liahovden.
Tidleg på retur mot Liahovden.
Stemning i retning Flåm.
Stemning i retning Flåm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.