Raudberg og Storeskardnøse (13.11.2022)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 27min
Distanse 9,4km
Høydemeter 702m
GPS
Bestigninger Raudberg (1476moh) 13.11.2022 14:17
Storeskardnøse (1502moh) 13.11.2022 14:37

Var i Hemsedal i går, og det gav meirsmak. Det vart tur over fjellet i dag også. Litt kortare køyring, 64 km ein veg frå Lærdal til parkeringa ved Ershovdstølane. Eg tok ikkje sjanse på å køyre over på støls-sida, sidan det var hengelåsar ved bommen. Den var open, men eg kjenner ikkje rutinane. Veldig fin sti oppover mot Raudberg. Det viste seg at her var det DNT-merka sti til toppen av Raudberg. Dette gjorde valet lettare. Plan var å ta ei rute frå litt lenger aust. Men det hadde vorte om lag ein km meir å gå på grusveg. Veldig flott terreng heile vegen på turen i dag. Nydeleg slette-landskap oppå fjellete, og lite vier. Her har det nok vore mykje beiting over tid. Var oppe på toppen etter 1:07 min. frå parkeringa. Så var det å sikte mot Storeskardnøse. Fann ei veldig flott rute ned i skaret. Grasbakke, og ikkje så bratt. Så var det berre å ta høgdemeterane i rett linje, til ein stod på toppen. Toppa 20 min. etter Raudberg. Nydeleg utsikt herifrå, sidan det er dalar på alle kantar. Vurderte litt retur-ruta, men valet fall på nord-sida av vatnet. Eg sikta meg mot stien som eg følgde opp. Det gikk veldig fint. Svært nøgd med at det også vart tur i dag søndag. Og snøfritt på 1500 moh. 13. november. Det er nesten ikkje til å tru :o

Ershovdstølane.
Ershovdstølane.
Raudberg.
Raudberg.
Storeskardnøse.
Storeskardnøse.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.