Fin hausttur til Piknatten (22.10.2022)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 27min
Distance 5.8km
Vertical meters 317m
GPS
Ascents Piggnatten (890m) 22.10.2022

Flott tur på mange plan. Vi hadde tenkt å gå frå Lien sidan vegen står markert som bomveg på kartet, men den var open og bar ikkje preg av å vere stengt nokon gong. Det fekk vi stadfest då vi møtte folk oppe på Storstaul. Nydeleg velstelt og veldrive stølsområde. Dei har dyr her om sommaren, og i dag var heile storfamilien i gang ned diverse arbeid. Vi snakka lenge med ei dame på min alder, og ganske raskt innsåg vi at vi har møttest før - på tur i Mælefjell. Veldig turglad kårkone på gard i Flatdal. Vi fekk tips om trase, og gjekk heilt greitt opp til Piggnatten, som den lokalkjende grunneigaren kallar Piknatten. Vi spiste niste på toppen og hadde fint utsyn til kjende fjell med den første snøen på. Så gjekk vi bratt ned ufsene til Klælaustjønni, og vidare ned til markert stig frå Nystaul. Den følgde vi bort til Skarsvegen, følgde den så ned til Skaret. Der gjekk vi bort til den fine rastestaden som hytteeigarane har etablert med grillhytte, brygge, stamp mm. Dugnadsgjengen var i full gang der. Vi tok følge med ei av dei opp til garden der ho viste oss stigen som går nordover til Storstaul. Nydeleg runde med mange interessepunkt og hyggjelege folk å snakke med. Flott vær dessutan. 5,75 km, knappe 2 t og 30 min, 317 hm. Tom var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.