Mannslagarnuten (08.10.2022)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Start point Sundet (96m)
Endpoint Sundet (96m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 16.7km
Vertical meters 1,310m
GPS
Ascents Mannslagarnuten (1,074m) 08.10.2022

Godvêr og Telemark. Kviteseid er ein flott plass, og eg var litt der i barndomen. Det var mange bilar på parkeringa ved Sundet, meist på grunn av eit crag litt ovafor.

Jammen greidde eg ikkje å skli ned vegen til høgre der stien inn mot fjellet tok av. Ekstra høgdemeter og irritasjon. So vidare på den gradvist stigande stien, eller kjerrevegen. Etter kvart kom fjell i vest til syne, med eit tydeleg snølag over kanskje 1200 m.

Forbi hytta 'Tarren', og no var stien prega av den dominerande farkosten i denne lia - ATV for vedsanking. Litt stygt nokre stader, men ein bruk og ei ferdsle som kan forsvarast.

So slutt på ATV-faret ved ein rasteplass, markert med PB-punkt. Her var det ikkje meir sti, og vegen gjekk no etter kvart brattare opp mot eit heng på vestsida av ein bekk. Litt hyllegåing og småklyving, so opp i terreng typisk for Telemarksfjell - hardt berg og sparsommeleg vegetasjon.

Skrått mot høgre, eller nordaustover, og etter kvart opp på platået, der ei varderekke utan sti nok er eit resultat av arbeidet med å lage tursti frå Kviteseid. Ei litt lengre rute som startar i eit kryss nordafor Sundet.

No kom og toppen fram, og den stolte tinden kan by på litt klyving i toppartiet om ein ikkje omgår dette partiet ved å ta ei meir nordleg rute.

Snøen hadde lagt seg på Gausta, og snøgrensa der var vesentleg høgare enn i fjellkjeda mot Agder. Utsynet mot aust og sør er vidt, men konturlaust. Det er litt meir spenning mot Nissedal, med Hægefjellet sin skarpe kant i silhuett. Men sjølve bonusen er Bandak med fjella rundt og bak. Ein skjønar godt at dette vatnet og vassdraget har vore ein turistmagnet gjennom lange tider.
Ned att, klokka tok kvelden, men tracket visar godt kor eg var. 3 timar i alt. Lengst nede på vegen var eit par karar ferdige med den fyrste klatreøkta. Eg var nøgd med at eg ikkje hadde brukt ein halv dag på meir eller mindre same flekken. Alt har si tid, for 30 år sidan hadde det vore annleis, og sjølvsagt seier den indre stemma at eg burde ha vore på crag óg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.