Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og Bratteli (24.09.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hengjandenibba (406m) 24.09.2022
Vest for Kvernavatn (618m) 24.09.2022
Aust for Langavatnet (509m) 24.09.2022
Visits of other PBEs Hengjande (378m) 24.09.2022
Langavatnet demning (450m) 24.09.2022

Dag 1 av langtur gjennom indrefileten av Jørpelandsheia, om lag 18 km og 7 ½ timar på tur i strålande haustver.

Denne turen gjennom noko av det finaste landskapet Jørpelandsheia kan by på, har stått på gjere-lista mi lenge. Då det laga seg med både finver og ledig tid denne septemberhelga, vart sekken pakka for teltovernatting. Turen til 620-toppen vest for Kvednavatnet i fjor gjorde meg merksam på den nødla stien mellom Longavatnet og Bratteli, og den gangen lova eg meg sjølv å gå vidare til Bratteli ved første anledning. I tillegg til dette strekket var austsida av Longavatnet ukjent lende for meg, utanom to flotte skiturar opp Skitli.

Lørdag morgon starta eg aleine frå parkeringa ved Liarvatnet kl. 0850 og var som vanleg inne i Grimsli etter ein times tid. Her kom eg ut av skuggen og inn i sola, og her såg eg dei einaste folka før midtre Bratteli, nemleg ei gruppe ungdomar på telttur. Finaste inntrykka inn hit stod hundrevis av glitrande edderkoppspinn i graset for; skal undrast på kor mange slike kvar edderkopp står bak?

Praktfull haustmorgon i Grimsli. Sola gyller alt Årdalssida medan Jørpelandssida ennå ligg i skyggen
Praktfull haustmorgon i Grimsli. Sola gyller alt Årdalssida medan Jørpelandssida ennå ligg i skyggen

Vidare til Forenesvatnet og stemmen i Longavatnet gjekk det på gode, men våte stiar på endå ein time. Som venta låg Forenesvatnet damstilt og viste seg frå si beste side. Ein fugl låg og duppa litt utpå, eg vil tru at det var ein smålom som det er litt av i denne heia. Som venta var óg Longavatnet fullt etter regnet tidlegare i veka, så strategien min om å gå om stemmen og langs nordsida var korrekt. I motsett fall, kan det ved tørke vera mykje å spara på å gå om Ospeskardet og kanalen mellom den søre Vardhustjødna og sjølve Longavatnet.

Det vert ikke finare enn dette ved Forenesvatnet!
Det vert ikke finare enn dette ved Forenesvatnet!
Ditto!
Ditto!
Ved stemmen i Longavatnet under Vardhusheia
Ved stemmen i Longavatnet under Vardhusheia

Utanom ein tur til «sandstranda» like bak stemmen for mange år sidan, var den vidare ruta sørover langs vatnet nytt og spennande lende for meg, og mest spent var eg på om det var lettgått eller tungt og krongle. At det skulle vera farbart, var eg ganske sikker på etter å ha studert kartet, og eg håpa til og med å treffa på eit og anna tråkk etter folk eller dyr.

Det vart som venta ein fin tur sørover utan dei store hindringane, og det var endåtil tidvis tråkk å følga. Før Skitliåna passerte eg fleire fine tjødnar, og ved utløpet av elva kjente eg meg godt igjen frå skituren i fjor. Elva let seg heldigvis steingå, men det var med nauda eg kom tørrskodd over utan stavar eller andre hjelpemiddel; noko å tenka på dersom det verkeleg er flom.

Frå nordenden av den nordlege Vardhustjødna/Longavatnet med utsikt sørover heilt til Bratteliknuten
Frå nordenden av den nordlege Vardhustjødna/Longavatnet med utsikt sørover heilt til Bratteliknuten
Tjødn aust for Longavatnet
Tjødn aust for Longavatnet
Tjødn aust for Longavatnet med Knausane som bakteppe
Tjødn aust for Longavatnet med Knausane som bakteppe
Frå same staden med Liaknuten som bakteppe
Frå same staden med Liaknuten som bakteppe
Ved utløpet av Skitliåna med Ospeskardet kjennesleg i bakgrunnen
Ved utløpet av Skitliåna med Ospeskardet kjennesleg i bakgrunnen

Vidare sørover gjekk eg mellom dei to knausane og tok ein sving oppom 512-toppen for å få litt utsikt, som sjølvsagt var flott både over vatnet og oppover mot Skitli. Etter ein kjapp matbit på toppen gjekk eg vidare sørover og måtte som venta kryssa utløparen frå 681-toppen nord for Skivatnet. Her var det forresten retteleg god sti både opp og ned; ikkje uventa pga. hytta som ligg i sørenden av Longavatnet.

Frå 512-toppen aust for Longavatnet med tilbakeblikk nordover vatnet. Vardhusheia dominerer til høgre
Frå 512-toppen aust for Longavatnet med tilbakeblikk nordover vatnet. Vardhusheia dominerer til høgre
Frå same staden mot Skitli med Venafjellet bakerst
Frå same staden mot Skitli med Venafjellet bakerst
Tjødn aust for Longavatnet med 681-toppen nord for Skivatnet bak til høgre
Tjødn aust for Longavatnet med 681-toppen nord for Skivatnet bak til høgre

Bare litt over 1 ½ time tok det meg langs austsida av Longavatnet, og då hadde eg til og med ein avstikkar til 512-toppen. Ruta kan derfor anbefalast, men det er jo ingen enkel retur frå sørenden av Longavatnet, utanom med båt. Over elva frå Skivatnet kom eg meg óg tørrskodd, men igjen var det bare så vidt. Dei fine myrene her sør for vatnet har eg alltid lika godt og håpa å nytta til overnatting, men fann snart ut at lendet var i våtaste laget.

I sørenden av Longavatnet ved utløpet av elva frå Skivatnet. Liaknuten dominerer til venstre
I sørenden av Longavatnet ved utløpet av elva frå Skivatnet. Liaknuten dominerer til venstre
På myrene sør for Longavatnet mot hytta der og 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
På myrene sør for Longavatnet mot hytta der og 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)

Herifrå vart det ein kort, men tung og stilaus etappe opp til ryggen vest for Kvednavatnet, der eg hadde funne den nødla stien vidare sørover på turen hit inn i fjor. Stien vart funnen og leia meg forbi 620-toppen som eg først hadde tenkt å ikkje gå oppom igjen. Så viste det seg at stien var så nær toppen på sørsida at det vart ein snarvisitt likevel. Og her i solsteiken og med flott utsikt var det definitivt på tide med ein skikkeleg matpause 4 ¼ timar etter start.

Mot Splitthodnet og Kvednavatnet
Mot Splitthodnet og Kvednavatnet
Frå oppunder 620-toppen vest for Kvednavatnet med tilbakeblikk på ruta mi langs Longavatnet
Frå oppunder 620-toppen vest for Kvednavatnet med tilbakeblikk på ruta mi langs Longavatnet
På 620-toppen vest for Kvednavatnet som dannar sørgrensa for Longavatnet naturreservat
På 620-toppen vest for Kvednavatnet som dannar sørgrensa for Longavatnet naturreservat

Etter pausen var det tid for den mest spennande delen av turen; etappen vidare sørover til Bratteli. Utanom turar til Bratteli og Bratteliknuten heilt tilbake på 90-talet har eg aldri vore mellom Kvednavanet og Bratteli før, så dette hadde eg sett fram til. Eg hadde trudd at nødlinga og stien skulle vera åpenbar heilt til Bratteli, men det var bare halve sanninga. Om det var eg som ikkje gadd leita nok, skal eg ha usagt, men eg mista i alle fall nødlinga på fleire viktige stader. Først var det ned frå 620-toppen, der eg neppe fann lettaste nedgangen, og så var det i brekka ned mot Bratteliåna. Men hovudtraseen gav seg såpass sjølv at det gjekk i likaste laget.

Mot sørenden av Kvednavatnet med skardet mot Stemvatnet ovanom Bratteli
Mot sørenden av Kvednavatnet med skardet mot Stemvatnet ovanom Bratteli
Mot Svartavatnet og bl.a. Godlifjellet
Mot Svartavatnet og bl.a. Godlifjellet

Her ovanom Bratteli var det Stemvatnet og Dalavatnet vestanfor eg hadde sett mest fram til å sjå, og synet skuffa ikkje. Dei karakteristiske nabbane under Bratteliknuten burde óg ha fått eit besøk, men det får bli ein annan gang. Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at dette området ikkje har mange besøk i året, anna enn av enkelte hyttefolk i Bratteli.

Mot Dalavatnet vest for Stemvatnet og dei karakteristiske nabbane under Bratteliknuten
Mot Dalavatnet vest for Stemvatnet og dei karakteristiske nabbane under Bratteliknuten
Tilbakeblikk mot den bratte nedstigninga frå 620-toppen vest for Kvednavatnet
Tilbakeblikk mot den bratte nedstigninga frå 620-toppen vest for Kvednavatnet
Mot nordenden av Stemvatnet, ein flik av Kvednavatnet og pytten mellom dei
Mot nordenden av Stemvatnet, ein flik av Kvednavatnet og pytten mellom dei
Frå same staden mot sørenden av Stemvatnet og Steinfjellet ovanom Bratteli
Frå same staden mot sørenden av Stemvatnet og Steinfjellet ovanom Bratteli

Eg hadde sett for meg at nødlinga leidde ned til utløpet av Stemvatnet der eg var oppom på turen vår til Bratteli i 1998, men frå brekket mot Lysefjorden leidde den naturlege traseen meg ned eit dalsøkk eit par hundre meter lenger vest. Eg tenkte at eg burde finna den gode stien frå Stemvatnet som går på austsida av Bratteliåna, og til all lukke fann eg eit nødla tråkk som gjekk rett veg. Litt letta var eg etter kvart over elva og inne på den gode stien ned til Bratteli; som navnet meir enn indikerer, er ikkje Bratteli staden å utforska utanom stiar og tråkk!

Første glimt av Lysefjorden!
Første glimt av Lysefjorden!
Kryssing av Bratteliåna litt nedanfor Stemvatnet
Kryssing av Bratteliåna litt nedanfor Stemvatnet

Vel nede ved hytta på øvre Bratteli møtte eg dei første folka sidan Grimsli, og dei var helst overraska over at det kom nokon frå den kanten. Og då eg sa at eg kom heilt frå Liarvatnet og hadde brukt under 6 timar derifrå, vart dei endå meir overraska. Det vart kort «Hei!» og «Hade!» før vegen gjekk om midtre og inn på T-stien; sanneleg kjekt å vera her att for første gang sidan 1998.

Midtre Bratteli der eg møter T-stien mellom Bakken og Preikestolhytta
Midtre Bratteli der eg møter T-stien mellom Bakken og Preikestolhytta
Vegdelet til Bratteli kai
Vegdelet til Bratteli kai
Innmarka til nedre Bratteli
Innmarka til nedre Bratteli

Om vegen vidare opp til Hengjane er det ikkje så mykje anna å sei enn at det vart tungt, sjølv på den ganske gode stien. Eg trudde minst fem ganger at eg endeleg var oppe ved toppen av ruta, men kvar gang kom det ei ny kneik. Eg har vel gått tre turar ned til Bratteli kai, men aldri opp, og i alle fall ikkje med full oppakning. Det fine med ruta er at utsikten innover fjorden stadig vert betre, men han har sanneleg sin pris. Opp kom eg då til slutt og fekk flott utsikt utover også, og etter kvart mot legendariske Hengjanibba. Det er fleire soger knytte til Nibba og Hengjatyskeren, og det er ikkje urimeleg at nokon av dei er sanne.

Eg vinn høgde opp att frå Bratteli og får flott tilbakeblikk innover fjorden. Bakkafjellet dominerer til venstre
Eg vinn høgde opp att frå Bratteli og får flott tilbakeblikk innover fjorden. Bakkafjellet dominerer til venstre
Det åpnar seg utsikt utover fjorden. Geitatørne og Neverdalsfjellet sjåast sentralt i bildet
Det åpnar seg utsikt utover fjorden. Geitatørne og Neverdalsfjellet sjåast sentralt i bildet
Ved toppen av ruta mellom Bratteli og Hengjane med tilbakeblikk innover fjorden
Ved toppen av ruta mellom Bratteli og Hengjane med tilbakeblikk innover fjorden
Hengjanibba treng ingen nærare presentasjon
Hengjanibba treng ingen nærare presentasjon

Planen var å ligga over her nær Hengjane, så eg begynte å leita etter teltplass. Planen hadde óg inkludert eit besøk på celebre Bratteliknuten, men eg fann etter kvart ut at beina ikkje orka fleire høgdemeter denne dagen. Etter 7 ½ timar på tur enda det derfor med at eg fann ein fin teltplass like ved T-stien ovanom huset i Hengjane, i makeleg avstand til bekken frå Stølstjødna (som óg vert kalla Stemtjødna). At det var andre som hadde lege her i telt vitna både slitasjen på bakken og ei grue like ved om. Slike leirplassar er det etter kvart blitt mange av langs T-stien den populære ruta «Lysefjorden rundt».

Ovanom Hengjane med utsikt mot Godlifjellet
Ovanom Hengjane med utsikt mot Godlifjellet
Fin teltplass ovanom Stølstjødna/Stemtjødna i Hengjane
Fin teltplass ovanom Stølstjødna/Stemtjødna i Hengjane

Etter å ha slått opp teltet, tatt ein velfortent kvil og hatt varm middag, tok eg turen nedom Hengjane og Nibba. Det var god sti ned langs bekken frå tjødna og til hovudstien som Hengjatyskeren i si tid hadde svenske rallarar til å opparbeida som veg frå Skogavatnet. Hengjane har vore i Jørpelands-eige i nøyaktig 100 år i år. Løa er borte, men huset er berga og vert nytta som hytte. Innmarka er gjengrodd, men murar vitnar om tre generasjonar sitt slit, frå besteforeldra til Sikke Hengjane etablerte seg der rundt 1830 og til Sikke vart boren ned til Bratteli (på eit dørblad!) drygt 100 år seinare. Tid til ettertanke i vår svært makelege tidsalder!

Hengjatyskeren kunne mura steingard!
Hengjatyskeren kunne mura steingard!
Huset i Hengjane, fjellgarden som vart busett rundt 1830
Huset i Hengjane, fjellgarden som vart busett rundt 1830
Farfar og Sikke i døra i Hengjane ein flott sommarkveld, og me ser skyggen av farmor som tek bildet. Eg vil tru at dei har gått til Hengjane frå Jøssang, og at bildet er tatt mellom 1932 og 34, den sommaren Sikke døydde

Bort til Nibba var det godt opptrakka sti, mykje betre enn eg kunne huska frå sist eg var her i 1998. Det er derfor tydeleg at ganske mange finn vegen hit nå; ikkje så rart forresten, så spektakulær som ho er. Etter obligatorisk magesug på stupkanten gjekk vegen tilbake til teltplassen og ein tidleg «solnedgang» i 19-tida. Som kjent er septemberdagane like korte som natta, så det vart til at eg fann soveposen ikkje så lenge etter. Ein framifå dag i Jørpelandsheia var over, og den vart akkurat så fin som det var grunn til å håpa på!

Svære rasblokker ved Nibba
Svære rasblokker ved Nibba
Fornøgd i solnedgangen på Hengjanibba!
Fornøgd i solnedgangen på Hengjanibba!
Toppen av Nibba og Lysefjorden
Toppen av Nibba og Lysefjorden
Siste solstrålene på Hengjanibba sett frå teltplassen. Huset i Hengjane ligg nedanfor dei gylne tretoppane
Siste solstrålene på Hengjanibba sett frå teltplassen. Huset i Hengjane ligg nedanfor dei gylne tretoppane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.