Vinjakula - var flott! (24.09.2022)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 53min
Distance 10.9km
Vertical meters 735m
GPS
Ascents Vinjakula vest (907m) 24.09.2022

For ein super dag! Køyrde opp til parkeringa på toppen av vegen mot Maudal. Starta å gå ved 10-tida. Følgde merka stig. Ordentleg bratt første kilometer. Tok igjen eit ungt par oppe ved telemasta, det måtte av med yttertøy. Omtrent her slapp morgontåka taket, og resten av dagen var berre så blank og flott som berre ein haustdag kan vere. Det var litt krevjande underlag, vått og søylute eller steinete stig, tidvis ordentleg bratt. Det siste strekket før ura som markerte toppstøtet var fint å gå på svaberg. Toppen var rett og slett underskjønn i klart vær med tørre svaberg. Åt niste og drakk vatn på toppen. Var oppe på knappe to timar og brukte fem minutt mindre på tilbaketuren. Måtte passe veldig på i sleipe bratte nedoverbakkar, så det var ikkje mykje raskare å hå heim enn opp. På tilbaketuren møtte eg det unge paret og til saman seks andre, inkludert ein som jogga med stavar! Imponerande, eg måtte verkeleg konse fir å sette føtene under meg.
10,9 km, 3 t og 55 min, 735 hm. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.