Storhellernuten og Skyvassnuten frå Sandvatnet (16.09.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Skyvassnuten (1,421m) 16.09.2022
Storhellernuten (1,402m) 16.09.2022

Dag 1 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 15 km og snaue 6 timar på tur i flott haustver.

Dette vart ei flott hausthelg lengst nordaust i Rogaland med hovudmål om å koma oss opp på dei gjenverande tre stortoppane over 1400 moh i dette hjørnet av fylket; Storhellernuten like aust for Sandvatnet og Raudberga og Simlenuten vest mot Kvanndalen og mykje lenger nord. Finver var ei klar forutsetning for tur i dette høgfjellsterrenget, og finver var meldt, rett nok med ein del vind frå nordleg retning.

Fredagen kjørte me til Sandvassdammen og kunne starta derifrå på makelege 950 moh kl. 1140. Sist me var her oppe i 2013, var me på Fitjanuten, så det var helst på tide med eit nytt besøk. Denne dagen var målet så mange av toppane aust for Sandvatnet som mulig, og på denne sida hadde ingen av oss vore før.

Start frå Sandvassdammen
Start frå Sandvassdammen

Etter eit stykke til fots på anleggsvegen tok me beint oppetter lia austover. Oppe på om lag 1300moh etter ein time på tur, fekk me både nordavinden imot og den ruvande Storhellernuten i syne 2,5 km lenger nordaust. Det såg langt ut dit, og delvis kupert, men ellers lettgått terreng. Mot vest og nord var det kjende stortoppar på rekke og rad, frå Mælen og Trollaskeinuten til Kistenuten og Vassdalseggen. Her oppe vart me óg overraska over synet av ein flott raudrev, som sjølvsagt ikkje var sein om å koma seg unna.

Tilbakeblikk mot Sandvatnet og Hongsnuten
Tilbakeblikk mot Sandvatnet og Hongsnuten
Utsynet åpnar seg mot turmålet Storhellernuten
Utsynet åpnar seg mot turmålet Storhellernuten
Frå same staden mot stortoppane i nordvest, bl.a. Trollaskeinuten og Fitjanuten
Frå same staden mot stortoppane i nordvest, bl.a. Trollaskeinuten og Fitjanuten
Ein av mange tverrgåande skrentar som må forserast. Mælen dannar bakteppe
Ein av mange tverrgåande skrentar som må forserast. Mælen dannar bakteppe
Utsikt mot Skyvassnuten i sør
Utsikt mot Skyvassnuten i sør

Det tok ikkje meir enn ein time til topps på Storhellernuten og storslagen utsikt i alle retningar. Spesielt interessant var det å sjå nord- og austover mot kjende toppar og vatn mellom Vågsli og Hovden, dessutan mot den spennande Skyvassnuten i sør, som me straks bestemte oss for å gå oppom på tilbaketuren. Men først vart det sjølvsagt tid til ein god mat- og kaffipause i brukbart le og flott solskin.

Her kan det vera på sin plass å nevna at me fekk nærkontakt med ein handfull rypejegerar oppunder Storhellernuten, og dei vart nok like overraska over å møta folk som oss. Om det vart noko på dei, skal vera usagt, men det var faktisk ein del ryper i terrenget.

Straks ved toppvarden, her sett frå sør
Straks ved toppvarden, her sett frå sør
På Storhellernuten med utsikt mot Skyvassnuten
På Storhellernuten med utsikt mot Skyvassnuten
Mot Holmavatnet og bl.a. Fitjanuten og Kjelatind
Mot Holmavatnet og bl.a. Fitjanuten og Kjelatind
Mot austenden av Holmavatnet og Langesæ med Sæsnuten dominerande til høgre
Mot austenden av Holmavatnet og Langesæ med Sæsnuten dominerande til høgre
Mat- og kaffipause i flott solskin
Mat- og kaffipause i flott solskin

Som tenkt vart returen lagt om Skyvassnuten så vidt over grensa til Bykle, og her mangla det ikkje på interessante inntrykk. Alle vatna mellom Svartepodd og Sloaros kunne studerast, og me vart enige om å planlegga ein tur til dei mange kulturminna i området; Storheller, Skutesteinen og Molybdengruvene ved Langevatnet. Sjølve Skyvassnuten var óg spenstig med imponerande sva på nordsida og knallutsikt austover. Her på toppen stod me 2 timar etter ankomst på Storhellernuten og 4 timar på tur.

På veg mot Skyvassnuten med utsikt austover i Bykle
På veg mot Skyvassnuten med utsikt austover i Bykle
Frå same staden møter Skyvassnuten oss med blankskurte sva
Frå same staden møter Skyvassnuten oss med blankskurte sva
Skyvassnuten sin imponerande sva-flanke frå nord. Legg merke til flyttblokka mot himmelen midt i bildet...
Skyvassnuten sin imponerande sva-flanke frå nord. Legg merke til flyttblokka mot himmelen midt i bildet...
...her er same blokka i nærbilde med vatna austover frå Svartepodd på rekke og rad
...her er same blokka i nærbilde med vatna austover frå Svartepodd på rekke og rad
Veldige skuringsstriper etter storbreen si framferd
Veldige skuringsstriper etter storbreen si framferd
Mot Såtedalen sør for Skyvassnuten
Mot Såtedalen sør for Skyvassnuten
Fornøgd på Skyvassnuten! Skyvatnet dominerer i bakgrunnen
Fornøgd på Skyvassnuten! Skyvatnet dominerer i bakgrunnen
Mot Storhellernuten
Mot Storhellernuten

Men skulle me få med oss toppen av Meien lenger sør, måtte me koma oss bratt ned i Såtedalen. Dette gjekk på ein time, men ikkje utan kløktig vegval mellom dei mange bratte skrentane. Vel nede i dalen måtte me ha ein ny matbit, og her bestemte me oss like godt for å droppa omvegen om Meien og heller ta rett ned Sandvassbrekka. Me var usikre på vegen ned, og det ville bli knapt med tid før skumringa dersom me skulle oppom dagens tredje topp.

I Såtedalen med dei karakteristiske langstrakte tjødnane
I Såtedalen med dei karakteristiske langstrakte tjødnane
Frå toppen av Sandvassbrekka med utsikt mot Sandvatnet
Frå toppen av Sandvassbrekka med utsikt mot Sandvatnet

Men ned brekka gjekk det retteleg radig, for det var god og nødla sti, og bare ein snau times tid seinare var me nede ved bilen att. Med planar for langtur dei neste dagane var telt medbrakt, og i makeleg avstand frå vegen fann me ein god plass og fekk ein fin septemberkveld ved Sandvatnet.

Teltplassen vår ved Sandvatnet, ikkje akkurat heilt i villmarka
Teltplassen vår ved Sandvatnet, ikkje akkurat heilt i villmarka

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.