Skorpeskarnuten frå Litlavatnet og Hongsnuten frå Sandvatnet (18.09.2022)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Austra Brødsruva (1211moh) | 18.09.2022 |
---|---|---|
Skorpeskarnuten (1389moh) | 18.09.2022 |
Dag 3 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 10+3 km og snaue 6 timar på tur i fint, men vindfullt haustver.
Søndags morgon vakna me i 08-tida om lag 100 hm ovanom og vest for Litlavatnet til fint men hustre ver, og etter vermeldinga skulle det skina retteleg opp utover dagen. Kl. 09 var me av garde oppetter Blydalen med mål om Skorpeskarnuten, og etter bare ¾ time var me oppe på den flotte utsiktstoppen. Det var god sikt og kjende toppar og landskap på alle kantar, og me såg endåtil heilt ned til ein av gardane i bygda.

Dette var litt av bakgrunnen for at me bar teltet med oss såpass høgt dagen før, nemleg at me skulle koma oss på Skorpeskarnuten. Og etter ein del bilder og kikkertstudier returnerte me same veg til teltet, tok ned dette og sala på med sekkane att kl. 11. Så vart det ein enkel retur ned langs Tverråna og tilbake til bilen ved Sandvatnet etter 2 ½ timar inkludert ein god mat- og kaffipause.
Men me hadde ikke tenkt å gi oss heilt ennå, og fekk med oss relativt prominente Hongsnuten med høgaste punktet Austra Brødsruva drygt 250 hm ovanom Sandvatnet. Det tok oss 1 ¼ time ekstra, og sjølvsagt var utsikten vel verd turen sjølv om det vart meir av det same me hadde sett desse tre dagane.
På langturen dei to siste dagane hadde me hatt selskap av enkelte ryper og eit einsleg lemen; dessutan hadde me sett eit par småfalkar (dverg- og tårnfalk) på trekk. Og med seks nye, fine toppar og fri for både kropp og sjel var me svært nøgde med denne langhelga høgt i Suldal!
Kommentarer