Gjekk frå p-plassen i Synespasset på vekselvis traktorveg, sti og terreng til Karten. Tok ein tullete "snarveg" mot Bruaberget og såg etter en veg eg ikkje fant. Kom inn på god sti i sørenden av Kartavatnet så eg fulgte over Bruaberget til Brusaknuten. Så vidare sørover til Eikelandsknuten og et par namnlause topper lenger sør. Såg ikkje stier til desse toppane, men det er gjerdeklyver på Eikelandsknuten. Sørsida av Eikelandsknuten er svært bratt og vil ikkje anbefale mi rute der. Frå demningen i nordenden av Hagavatnet, som er drikkevasskjelde, kom eg inn på veg som er stengt med bom, og så vidare på hovedvegen tilbake til utgangspunktet. Dei som samler kommunetopper finner bedre rapporter enn denne.
User comments