Lenge sidan tur ilag med Brit Siv. Så det var vanvittig fint å være på tur igjen :) Rundenipa har eg vore på tidlegare ilag med Joar og Svein, som ein vintertur og ein treningstur i forkant av Aconcagua 6962
Utruleg majestetisk terreng er det i Fjærlandsområdet med brear og brefall på alle kanter. Siste dagen med fint ver, før ny nedbørsrunde. Finveret har vore nytta godt her heime.
Var usikker om det var mulig å klatre over og opp heilt tett under toppen! Men, var fast bestemt på å prøve. Det hadde irritert grønt å ikkje ha prøvd. Det vart stopp tett under ein pinakkel like under toppen. Markert blått på bildet. Her var det laus og kvass egg og eksponert. Pinakkelen sperra for vidare klyving. Så då var det i alle fall testa. Spent å komme opp på toppen og kike ned om det kunne ha gått!
Det var ganske så fin følelse å sjå at det ikkje hadde gått å komme over pinakkelen som sperra opp på Geitaryggen! Kjenner at det hadde vore greit med tau om ein skulle komme opp og over på siste punktet i den lause egga der.
Brit Siv nyter fjellstunda ifrå Fjellstølsnipa 1483 moh og drømmer nok om nye fine skiturer i fjella her. Etter å ha fortalt om dei fine skiturer tidlegare i fjellområda rundt. Men, desse fjell toppane her var nye områder også for ho :)
User comments