Surtningssue (10.09.2022)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Alpine trip
Duration 11h 39min
Distance 22.5km
Vertical meters 1,837m
GPS
Ascents Sør for Hesttjønne (1,542m) 10.09.2022 09:48
Raudhamran (1,893m) 10.09.2022 11:20
Surtningssue Sørtoppen (2,302m) 10.09.2022 13:51
Surtningssue (2,367m) 10.09.2022 14:24
Søre Blåbreahøe (2,196m) 10.09.2022 15:23
Visits of other PBEs Surtningssue via Raudhamran 10.09.2022 09:48

Då vart det ver og tid til ein haust-tur blandt 2000 meter toppar i Jotunheimen. Sidan Sognefjellet var sengt måtte vi kjapt tenkje nytt om tur-mål. Surtningssue er av toppar som har stende lengst på den uoffesielle ikkje nedskrivne lista oppi hovudet mitt. Surtningssue vart det, men utan utsikt. Reiste frå Lærdal fredag etter jobb, og låg i bubilen på Valdresflya. Tok fyrste båt frå Gjendesheim til Memurubu. La i veg kl. 8:30. Sola varma alt i fyrste bakken. Vi fann kortaste ruta. Bratt alt i starten. Når ein er ved det flatare partiet, frå vel 1400, kjem det eit parti med lettkuppert terreng, til ein tek fat på Raudhamran. Det brattar skapleg til, og sida ser luftig ut, men det lagar seg, og er godt merka. Eg tok ruta over topp-punktet på Raudhamran, medan Marita tok omgåinga som er merka. Venta 10 min på henne etter denne avstikkaren. Etter å ha teke omgåinga av Raudhamran på returen, kan eg tilrå å ungå den, eit uryddig parti. Gå rett over toppen begge vegar, om du skal på Surtingssue med rute Raudhamran. Vi heldt fram i brukarbar stil, og etter eit kort bratt parti, 1900 - 2000 moh., bar det rett inn i skodde-heimen. Litt forbi naudbua, skar vi til høgre, og gikk der vi tykte det var best, med ein liten kurs-korreksjon. Sørtoppen var nådd etter knapt 5:30, og Surtningssue etter 6 timar. Litt foto her, og prat med med andre. Det var 8 personar og ein hund medan vi var på toppen. Sidan vi låg greitt an tidsmessig, bestemte vi oss for Søre Blåbreahøe også. Plan var å sleppe oss litt ned i høgdemeter, og så korrigere litt mot høgre. Når eg sjekka appen etter ei tid, hadde vi gått i mykje rettare linje mot naudbua, enn kva som var plan. I skodda skal ein følgje med. Men ruta fungerte veldig bra, sidan vi kom ned på store flate blokker, som vi kunne trippa bortover på. Sikta så litt meir ut mot fjellkanten då vi nærma oss skaret mellom Surtingssue og Søre Blåbreahøe. Nett før skaret kjende vi ein varm vind, og så letta tåka. Og for ein bonus turen innom Søre Blåbreahøe vart for oss. Nydeleg utskit frå denne høa, sjølv om den er flat på toppen. Kjem veldig tett på dei store Memuru-breane. Også spennande å sjå Surtningssue frå denne kanten. Den blenkte med klar topp eit par gonger. Så var det å finne ei fin retur-rute, som vi tangerte like under naudbua. Vi måtte opp litt grunna is-felt, i sia. Så var det berre returen frå 2200 meter og til Memurubu. Det er drug tur i mykje ur. Men jamt over er det greitt underlag å gå på denne turen. Vi klokka inn på Memurubu 20:05, som var 4:25 etter vi forlet siste toppen. Skifta i ein fart, og fekk nyte nydeleg tre-retters, med reinsdyrsteik som huvudrett. Etter god overnatting på Memurubu, vart det også ein fin tur heimatt. Båt-tur på Gjende i tett tåke, men då vi skulle køyre heimatt, var det heilt klårt. Flott tur over Valdresflya, og vidare heim gjennom kjende fjell-trakter.

Mot Gjende og Memurubu.
Mot Gjende og Memurubu.
Surtningssu-massivet. Får vi sikt i dag ?
Surtningssu-massivet. Får vi sikt i dag ?
Raudhamran.
Raudhamran.
Egga mot sørtoppen.
Egga mot sørtoppen.
Naudbua.
Naudbua.
Sørtoppen.
Sørtoppen.
Frå Surtningssue.
Frå Surtningssue.
Søre Blåbreahøe.
Søre Blåbreahøe.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.