Toppar rundt Traudalen (08.09.2022)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point ryggjastøylen (588m)
Duration 0h 1min
Distance 24.0km
Vertical meters 1,773m
GPS
Ascents Botnafjellet (1,146m) 08.09.2022 21:19
Breidalsegga (1,234m) 08.09.2022 21:19
Vidstøylsegga (1,245m) 08.09.2022 21:19
Svineryggen (1,322m) 08.09.2022 21:19
Traudalsnibba (1,178m) 08.09.2022 21:19
Visits of other PBEs Nibbehytta (1,040m) 08.09.2022 21:19
Breidalsegga
Breidalsegga

Etter-jobb-tur til nokon av dei meir eksotiske toppane på Gloppen-lista. Prøvde å holde litt tempo heile dagen for trimmen sin del - intill eg tempoet brått fekk seg ein brems. Men meir om det seinare.

Fint innover langs Traudalsvatnet og Instevatnet. Deretter litt diverse opp Ljoren. Fann ei grei rute vidare gjennom litt rotete terreng. Litt lett klyving her og der. Traff ein flokk sauder på Botnafjellet. Deretter strake vegen til Breidalsegga, 11 km gange frå start. Litt drygt der altså. Tok ei skjeve og såg på utsikta.

Utsikt frå Breidalsegga
Utsikt frå Breidalsegga
Havet såg ein også
Havet såg ein også

Så ganske strake vegen ned til Styggevatna, som er skilt av ein liten bekk og ca halvmeteren i høgdeforskjel, og så grei oppstiging til Vidstøylsegga. Godt med litt molter å styrke seg på opp her. Ny skjeve på toppen, så vidare mot Svineryggen. Byrja å kjenne det i beina no.

Breidalsegga i framgrunnen og Gjegnen bak
Breidalsegga i framgrunnen og Gjegnen bak
Frå Vidstøylegga mot søraust (?)
Frå Vidstøylegga mot søraust (?)

Ingen større sermoni på Svineryggen, gikk rett mot Traudalsegga. Fin sti og flott utsikt her, men antydning til krampe gjorde at eg tok det med ro. Men ikkje nok med ro, for her slo eg kneet i ein stein så eg såg stjerner og planetar AU AU AU. Blod var det også, men ellers fungerte foten greit. Var berre å kome seg ned no. Passerte den fine Nibbehytta og mysa mot den flotte utsikta.

Smerten gav seg og det vart grei nedgang tilbake til bilen, som eg nådde rett før det mørkna. Litt drygare tur enn eg hadde tenkt, men veldig kjekt i eit ganske aude og flott fjellområde. Såg ut som fint terreng frå Holsegga mot Breidalsegga, så der er jo ei rute for den ambisiøse.

Heime diska huslegen opp med strips og plaster på såret, så då kjende eg meg bedre med det samme!

Traudalsegga
Traudalsegga
Start date 08.09.2022 15:04
(UTC+01:00 DST)
End date 08.09.2022 20:39
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 34min
Moving Time 5h 12min
Stopped Time 0h 22min
Overall Average 4.3km/h
Moving Average 4.6km/h
Distance 24.0km
Vertical meters 1,773m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.