Ein heildag i Innerdalen (05.09.2022)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 11h 24min
Distance 39.5km
Vertical meters 3,948m
GPS
Ascents Innerdalstårnet (1,452m) 05.09.2022
Midtre Skarfjellet (1,625m) 05.09.2022
Nebba (1,583m) 05.09.2022
Nebba Ø (1,260m) 05.09.2022
Skarfjellet (1,790m) 05.09.2022
Søndre Skarfjellet (1,548m) 05.09.2022
Trollporten (1,648m) 05.09.2022
Tåga (1,840m) 05.09.2022
Tårnfjellet (1,523m) 05.09.2022
Visits of other PBEs Hammer mellom Tårnfjellet og Tåga (1,600m) 05.09.2022

Komplettering av Smultringer i Trollheimen

Siste innsats på eit prosjekt som har gjeve storslagne turopplevingar og minne for livet dei siste åra. Etter å ha besøkt toppar som Honnstadknyken og Snota i barndomsåra var det ikkje først og fremst ferdsel i Trollheimen som prega åra vidare gjennom oppveksten. Først i godt vaksen alder vart fjellivet henta fram som fritidsaktivitet, først og fremst med ski på beina vinters tid, men og som treningsarena, etterkvart som løping i terrenget vart ei interesse.

Samlinga av listetoppar starta for alvor ein seinsommardag i 2019, etter å ha hengt på Simen over skoddelagte og lite besøkte toppar i Todalsfjella. Etter det har kartet over Trollheimen vorte studert mang ein time, og turplanlegginga har på mange måtar vore minst like givande som sjølve gjennomføringa. Samlinga har i hovedsak vorte gjennomført i form av relativt lange dagsturar med så minimal oppakning som muleg, og ein sjeldan gong med telt og storsekk. Sykkel har vore rekna som fyfy, juks og fanteri, og sjølv om det ved enkelte høve ville gjort turen betydeleg meir behageleg, så har tohjulingen vorte att heime - på fjelltur er det ærleg arbeid til fots som gjeld. Tau og sikringsutstyr har heller ikkje vore bruka, sidan sekken som nemnt har vore av det lette slaget.

Etter ei oppteling har dei 235 smultringane vorte innhausta i løpet av 68 turar, der den første vart gjennomført som fem-åring på Honnstadknyken, med utsikt mot store delar av området som eg no kan kalle meg litt lokalkjent i. Mange av toppane har vorte besøkt gjentatte gongar både sommar og vinter, medan nokre truleg ikkje vil bli besøkt så veldig mange gongar igjen. Trollheimen kan definitivt by på noko for alle, både sommar og vinter - slake Oppdalshøer og spisse Sunndalsfjell gjer dette til eit særdeles variert landskap, sjølv om avstandane ikkje er alt for store. Etter å ha kryssa av samtlege toppar på lista veit eg no kva for toppar og turar som vil bli planlagt når vermeldinga er god og arbeidsgivar ikkje er til bry.



Samlinga av toppar fekk ei verdig avslutning med ein lang og fin runde i fjella rundt Innerdalen. Tårnfjellet har til no stått som ubesøkt, det same med dei to Skarfjelltoppane og to litt meir perifere toppar på austsida av Vinnumassivet i Nebba og vesle Nebba Ø.

Starta dagen frå parkeringa på Nerdalen i kald og klår haustluft. Til trass for kalde fingrar var det aldri tvil om at dette ville bli ein terningkast seks-dag, både vermessig og (forhåpentlegvis) turmessig. Førstemann opp på Innerdalstårnet denne strålande septembermorgonen, og sjølv om Tårnfjellet såg både nifst, kaldt og fuktig ut på avstand, så var det greit nok opp her. Fine hyllesystem på gras og mose, med nokre få litt meir utfordrande opptak her og der. Rota litt med navigeringa i starten, men fann etterkvart ein forholdsvis komfortabel veg opp.

På toppen av Tårnfjellet og med ryggen mot Tåga i sikte vart fristelsen for stor. Vegen vidare sørover var langt meir forlokkande enn retur same veg som eg kom. Med enkel kliving hit og dit langs ryggen gjekk minutta fort og metrane sakte opp mot Tåga. Runda den godt omtala hammaren på vestsida og fortsatte vidare utan store vanskar (utover nokre korte parti der nattefrosten hang att litt), og fekk toppvarden i sikte kort tid etterpå. Ned mot Giklingdalen gambla eg på å finne ei rute ned lia utan å gå heile toppryggen først. Det var dagens desidert dårlegaste avgjering, men etter å bruka det som kjentes som ei evigheit på å krige meg gjennom eit helsikes gaupeterreng nådde eg omsider stien nede i dalen.

Ryggen frå Tårnfjellet og vidare sørover mot Tåga kan definitivt anbefalast
Ryggen frå Tårnfjellet og vidare sørover mot Tåga kan definitivt anbefalast

No stod Søndre Skarfjellet og hovudtoppen for tur - her var eg litt spent både på ferdsel nedunder breen og ikkje minst vegen langs ryggen til topps. Det skulle vise seg å vere ein riktig så fin variant for å kome seg til topps på Skarfjellet. Etter ein tung etappe på snø opp ei renne inne i botnen så kunne eg spasere langs tørt svaberg bort mot Søndre Skarfjellet, akkompagnert av ei mektig utsikt rett inn i breen som dessverre smeltar så alt fort. Opp mot Midttoppen vart eg litt for ivrig på ruteføringa og enda opp med nokre unødvendig dristige opptak på søraustsida. Runda i staden toppen litt lenger ned, og gjekk dei få nødvendige metrane "tilbake" opp på toppen frå nordvestsida.

Hovudtoppen på Skarfjellet sett frå Midttoppen
Hovudtoppen på Skarfjellet sett frå Midttoppen

Herifrå såg Skarfjellet i overkant heftig ut, men dette viste seg å vere grei skuring til topps. Vidare langs ryggen bort til Trollporten, og deretter ned ei renne med uendelege mengder lausgods i retning Grasdalen. Deretter på slitne bein i bratt og laust terreng til toppen av Nebba, som vart den siste toppen i samlinga. Eit øyeblikks andakt med utsikt mot blant anna Trolla-toppane og Hesten, som har vore dei mest utfordrande turane, samt Dronningkrona som har vore den mest besøkte toppen dei siste åra, og som har vore arenaen for skiturar eg aldri vil gløyme.

Ved varden på Skarfjellet
Ved varden på Skarfjellet
Renna direkte ned frå Trollporten mot Grasdalen. Nebba på motsatt side
Renna direkte ned frå Trollporten mot Grasdalen. Nebba på motsatt side

Ned frå Nebba utnytta eg det eg kunne finne av snøfonner, før det bars ut myra i Grasdalen og etterkvart inn på sti frå Viromsetra og ned til bilen - eit verdig punktum for smultringsamlinga i det som vel må seiast å vere Trollheimens indrefilet.

User comments

  • -
    avatar

    Smultringer i Trollheimen

    Written by JoSo 09.09.2022 00:00

    Gratulerer så mye med et flott fjellprosjekt, Steinar :)

    Og for en imponerende avslutningstur i mektige Innerdalsfjell du fikk til!!

    • -
      avatar

      Sv: Smultringer i Trollheimen

      Written by aarvag 09.09.2022 09:16

      Takk for det, Johan - dette har gitt mange dager med mye glede de siste årene! Fint å endelig kunne kalle seg litt lokalkjent på Trollheimens topper, et område som har noe for enhver smak.

      Den siste turen ble også en av de beste. Innerdalen er intet mindre enn fantastisk med sine muligheter for lange, spektakulære ruter - jeg regner med mye av turaktiviteten min vil foregå i dette området i årene framover. Takk for masse god inspirasjon på veien!

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by simenee 06.09.2022 18:31

    For et punktum på et imponerende kapittel i turboka - her har det gått unna! Takker for følget på mange fine smultringturer så langt, og ser fram til enda mange fler, selv med prosjektet nå i boks.

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer!

      Written by aarvag 06.09.2022 19:30

      Takk, og takk alldeles likeins! Dette var definitivt ikkje slutten på turinga i Trollheimen, om det skulle vere tvil om det - no er det berre å velgje og vrake i favoritt-turar, både sommar og vinter.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.