Vetanosi - Fagerset (31.08.2022)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Vetanosi (1,133m) | 31.08.2022 18:07 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Fodnes kai parkering (10m) | 31.08.2022 16:00 |
Fagerset (888m) | 31.08.2022 18:34 |
Tur etter jobb med Joakim. Frå ferjekaien på Fodnes og «Vetanosi Rett-opp». Ei rute med super utsikt ut fjord-armane. Flott utsikt også til store toppane ved Lærdal. Ruta går frå kaien, og etter kvart på opparbeida/merka sti. Flott utsikt frå Stegen, ca 550 moh. Frå ca. 700 moh. forlet ein stien til Fagerset, går rett opp på umerka, men opparbeida sti. Veldig bratt (ikkje luftig /utsett) ca. 180 høgdemeter, og så eit par bratte kneikar vidare. Det flatar ut litt over 1000 moh. Skal ein på høgaste punktet (SjekkUt), skrå venstre mot toppen før varden. Frå toppen er det innimellom sti/trakk nedover mot Fagerset. Derifrå på tydeleg merka sti att, med retur til Fodnes. Det er også ruter over til Lærdalsøyri her.
User comments