Sogndal/Luster: Aust for Supphelledalen (27.08.2022)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Heimastølen (40moh)
Sluttsted Heimastølen (40moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 10t 40min
Distanse 31,7km
Høydemeter 2596m
GPS
Bestigninger Skardnipa (1466moh) 27.08.2022 13:55
Fessenipa (1640moh) 27.08.2022 14:26
Stølsskrednipa nordøst for (1585moh) 27.08.2022 15:20
Stølsskrednipa (1624moh) 27.08.2022 16:06
Fremsta Ryssenipa (1684moh) 27.08.2022 17:13
Daurmålseggi (1417moh) 27.08.2022 17:58
Heimsta Ryssenipa (1375moh) 27.08.2022 18:14

Denne turen har blitt ståande til vurdering og modning nokre år. Løysinga blei den vanlege, bestemme seg og klinke til. Då er Kroksleiven rette mannen å kontakte. Lite informasjon å finne, noko som gjer det spennande. Veret var meldt bra, men vart sånn ok. Litt skyer på toppane men varierande, og utan regn. Må presisere at ruta opp frå Supphelleskaret ikkje kan anbefalast for alle! Muleg ein kan finne andre ruter enn vi gjekk, men det såg stort sett vanskeleg ut.

Det første vi gjorde var å plassere 2 syklar i Horpedalen. Kjøyrde gjennom gardstunet og vidare til parkeringa registrert her. Så sette vi bilen før brua ved Heimastølen. Her er det bra plass å parkere til 3-4 bilar. Då blei det ca 8 km nedoverbakke og flatt på sykkel som avslutning på turen.

Heimastølen -> Supphelleskaret: Eg kødda det til i starten då eg prøvde å finne stien på kartet. Det var ikkje muleg. Etter litt knot og spit frå Krosleiven fann vi den merka ruta. Ta av rett ved brua og inn ein vei langs elva. Raudmerking. Vidare innover er det bra å gå lenge, må over elva 2 gonger på gode bruer. Ved siste brua er det merking til Veitastrond. Det er nok ei stund sidan kåtebukkane gjekk mellom desse 2 bygdene på friarferd. Stien var ikkje prega av hard bruk for å seie det slik. Siste biten frå dalbotnen og opp i skaret gjengrodd, men stien delvis synleg.

Supphelleskaret -> Fremsta Ryssenipa: Oppe i skaret virka fjellveggen sørover mot toppane voldsom. Rusla nokre høydemeter austover ned snøfeltet, og runda rundt opp ein svinbratt bakke. Her var det vått, mosegrodd og etterkvart vegetert. Kom så inn i ei hylle som vi fulgte eit stykke. Den var ok å gå. Så var det eit nytt vanskeleg parti opp eit bratt side med laus mose og lite å halde seg i. Etter dette pusta vi ut i lettelse, men og spent på vidare. Det gjekk eigentleg veldig bra. Eit nytt parti på ca 1250-1300 moh der vi gjekk inn i vestsida og bratt opp. Etter dette var turen forsåvidt planke. Måtte bruke telefonen til navigering til tider, men det letta og slik at vi fekk sikt. Frå skaret mellom 1585-toppen og Stølsskrednipa er det ein bratt snøbakke opp. Torleiv gjekk med brodder. Eg hadde sjølvsagt gløymt mine i bilen, men takka være ok blaut snø gjekk det bra. Dersom snøen hadde vært hard/frost her hadde eg hatt problem. Kunne evt gått slakare stigning men då inn på breen og blåis.

Fremsta Ryssenipa -> Horpedalen: Dryg men fin etappe til skaret ved Gygri. Det bratte partiet ned frå Fremsta Ryssenipa heilt ok, men her er det muleg å gå feil på nedover. Vi såg ein tydeleg varde her. Så knota vi litt og gjekk forbi stidelet ved Gygri. Synest folk har vært i overkant positive til denne strekninga. Ja noko rydding har blitt utført ein gong i tida, men nedover det bratte partiet her var det eit sat... terreng. Bratt, høge bregner og brennjenat (brennenesle). Runde steinar i "stien" som vi ikkje såg under all vegetasjonen og vi låg begge og rulla. Til slutt mista eg stien og gav faen rett nedover. Var så forbanna og lei at eg ikkje orka ta på meg buksa ein gong. Det resulterte i ei søvnløs natt pga leggene klødde og svei. Så uansett ver, 30 grader eller kva som helst. Ta med ei tynn bukse til dette partiet.

Totalt sett var vi strålande fornøgde med å ha fått til denne turen. Det er eigentleg dette som er kjekt og blir hugsa. Men konklusjonen må bli at det er ingen lette ruter til Heimsta Ryssenipa, og iallfall ikkje til toppane lenger nordover.

Supphelleskaret, bratt opp på begge sider. Måtte gjennom skaret og litt ned før vi runda opp og inn i hylla.
Supphelleskaret, bratt opp på begge sider. Måtte gjennom skaret og litt ned før vi runda opp og inn i hylla.
Austover retning Veitastrond.
Austover retning Veitastrond.
Torleiv i det bratte partiet ca 1250-1300 moh. Vi ser rett ned i Supphelleskaret.
Torleiv i det bratte partiet ca 1250-1300 moh. Vi ser rett ned i Supphelleskaret.
Oppe på ryggen blir det lett vidare mot førse topp Skardnipa.
Oppe på ryggen blir det lett vidare mot førse topp Skardnipa.
Opp det bratte snøpartiet før Stølsskrednipa. Ved hard snø/frost kan stegjern/broddar være heilt nødvendig her
Opp det bratte snøpartiet før Stølsskrednipa. Ved hard snø/frost kan stegjern/broddar være heilt nødvendig her
Den namnlause 1585-toppen.
Den namnlause 1585-toppen.
Stilig snø/breformasjon sør for Stølsskrednipa.
Stilig snø/breformasjon sør for Stølsskrednipa.
Mot Fremsta Ryssenipa gjekk vi langs blåisen.
Mot Fremsta Ryssenipa gjekk vi langs blåisen.
Stølsskrednipa bak Torleiv.
Stølsskrednipa bak Torleiv.
Litt skyer på siste toppen Fremsta Ryssenipa.
Litt skyer på siste toppen Fremsta Ryssenipa.

User comments

  • -
    avatar

    Artig variant

    Written by Henriksen 29.08.2022 17:14

    Jeg så faktisk på akkurat samme ruta torsdag kveld forrige uke. Forskjellen var at du fikk fingeren ut!

    • -
      avatar

      Sv: Artig variant

      Written by boven 29.08.2022 20:48

      Eg skal skrive nokre ord om denne. Men kan bekrefte at der vi gjekk opp frå Supphelleskaret var det meget bratt og uggent. Ellers var "stien" fra Gygri og ned eit sant hel....

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.