Storgrovhøene (27.08.2022)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Alpine trip
Duration 9h 52min
Distance 13.5km
Vertical meters 1,435m
GPS
Ascents Fremste Storgrovhøe (2,253m) 27.08.2022 14:59
Bakarste Storgrovhøe (2,259m) 27.08.2022 15:39

Køyrde over Tindevegen i ausande regnver og skodda fredag. Har aldri sett så lite fjell på ein fjellovergang. Men det var meldt strålande laurdag. Parkerte etter å ha teke av mot Leirdalen. Starta kl. 9:30 laurdag. Vi var spendt på kryssing av elva. Det var fleire løp, og vi brukte litt tid. Passerte elva ca, 1260 moh. Partiet opp langs elva her var mykje uryddig grov og til del laus ur. Det strevsame partiet på turen. Då vi såg brea, skrådde vi opp, og kom så til ei morene, som gikk over i eit parti meir som ei egg. Så eit flatt parti med irrgrøn mose, før ei lang-lang men lite bratt ur. Denne følgde vi på høgre sida av ei snøbru opp til bandet mellom høene. Gikk opp på Fremre Storgrovhøe fyrst. Og for ei utsikt til Galdhø-piggane og den flotte Storjuvbrean. Naut utsikta ei tid før vi gikk over mot Bakarste Storgrovhøe. Nydeleg utsikt mot breen, Storjuvtinden, Ymmelstinden, og ikkje minst rekka mot og så sjølvaste Skardstinden. Her brukte vi ein halvtime til berre å kosa oss med landkapet. Tok ein titt på nedgangen mot Storgrovtinden, som såg grei ut ned eitt nivå. Bruk av sikring vil nok vere klokt vidare. Det gikk fint nedatt i det som likevel følest som ei uendeleg ur. Fin dag, slitsamt, men ei stor naturoppleving.

Fremre Illåe, ei vill bre-elv som vi kryssa. Breheimen bak.
Fremre Illåe, ei vill bre-elv som vi kryssa. Breheimen bak.
Fremre Illåbrean.
Fremre Illåbrean.
Ved ei morene, om lag 1700 moh.
Ved ei morene, om lag 1700 moh.
Toppane dukkar opp bak brea. Bakarste Storgrovhøe, Storgrovtinden, Skardstinden og Dumhøe.
Toppane dukkar opp bak brea. Bakarste Storgrovhøe, Storgrovtinden, Skardstinden og Dumhøe.
Sett frå Fremste Storgrovhøe: Vesle Galdhøpiggen, Portpiggen og så Galdhøpiggen.
Sett frå Fremste Storgrovhøe: Vesle Galdhøpiggen, Portpiggen og så Galdhøpiggen.
Einar kosar seg.
Einar kosar seg.
Ei flott rekkje tindar.
Ei flott rekkje tindar.
Bakarste Storgrovhøe.
Bakarste Storgrovhøe.
Fremste Storgrovhøe.
Fremste Storgrovhøe.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.