Mæhlumsfossen (23.12.2012)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Visits of other PBEs Mæhlumsfossen (35m) 23.12.2012

<<SMAKK>>

Shit!

Øksa glapphogg. Eg hadde vært overmodig å plassert føttene for langt opp og no tok tyngdekrafta over å drog meg bakover. Eg hadde eit desperat forsøk før tyngdekrafta fullførte jobben den hadde byrja.

<<SMAKK>>

Yes!

Øksa satt.
Heldigvis var det berre eit par meter ned men det skulle snart verta meire. Vi var fortsatt i dei nedre delane av Mæhlumsåa men jobba oss sakte men sikkert oppover mot hovudfallet.
Køyrande E6’en sørover frå Otta er Mæhlumsfossen den fossen som ser ut som den kjem rett ut av berget på baksida (vestsida) av dalen ved Sandbumoenbyggjefeltet. Eit prektigt fall som er vanskeleg å unngå å sjå for den som har litt sansen for denslags.

Nokre veker tidlegare hadde det byrja ein ny kar på jobb. Eg er av den trongsynte typa og var berre måteleg interessert inntil det viste seg at vedkomande var ei dreven fransk Alpegeit med mange interessante klatreruter og topper på samvetta. Skravlinga over lunsjbordet vart av merkelege årsaker straks både lengre og meire interessante…
Etterkvart kom det opp spørsmål om eg var interessert i å forsøke isklatring.
Vel, for mange år sidan, mens eg fortsatt var ung og lovande byrja ein kamerat av meg med isklatring. Han klarte å overbevise meg også og eg fekk såvidt kjøpt meg klatrejern før han satte unger på kjerringa si og forsvant ut i periferen.
Så litt isklatring kunne jo være interessant å forsøke. Alpegeita (heretter referert til som P) var ikkje kjent i området og eg har sidan knebuksealder gått og sikla på Mæhlumsfossen og Bjørndalsfossen så mitt øvelsesområdeforslag var ikkje nokon stor overraskelse.

Fekk lånt meg eit par økser og ved ellevetida vesle juleaften var vi på veg oppover langs åa. Fulgte ein veg 50 meter sør for åa opp til ei bru før vi tok elvevegen videre.
Vi kom ikkje langt før det var sikring på. Geipen på P sank eit par hakk da det kom eit par banale spørsmål om korleis eg skulle sikre han oppover (og nei Signar, det var ikkje spørsmål om åttetallsknuten…) men etter ei rask forklaring la han i veg. P leda raskt og sikkert oppover fleire småfall på opptil fem til seksmeter mens eg halsa etter som best eg kunne. Var det enkle løysinger oppover nokon av falla var ruta utan unntak, til min store fortvilelse, lagt på vanskelegast og brattast mogleg måte. Men eg subba meg oppover og forsøkte å plukke med meg isboltane på vegen.

Bilete teke frå baksidevegen.
Bilete teke frå baksidevegen.

Forsøkte å oppsøke mjuk is der det fantes men kulda siste tida hadde begrensa den luksusen. I tillegg hadde øksane eg fekk låne rett skaft så det gjekk hardt utover knokane. Spesielt den eine som hadde noko stuttare skaft var problematisk.
Vi gjekk fem tauglengder a 50 meter oppover og avslutta siste lengda på løpande før vi var framme ved hovudfallet.

Morsom øving til å byrje med. Tett med tre i bekkekanten gjorde sikring raskt og enkelt.
Morsom øving til å byrje med. Tett med tre i bekkekanten gjorde sikring raskt og enkelt.
Gjekk løpande dette strekket til vi var oppe under sjølve fallet.
Gjekk løpande dette strekket til vi var oppe under sjølve fallet.

Franske superlativ hagla raskare enn dølske fygloser over openbaringa. Snakk om giftarmål mellom himmel og helvete…
Eg trygla og ba, forsøkte både på engelsk og norsk, nedverdiga meg tilogmed til å knote men fekk berre eit ”que?” i respons. P hadde is i blikket og ville ikkje forstå. Opp var einaste veg, alternativet å bryte var ikkje verdig eit svar ein gong.
Midt i fallet var det ei snøansamling vi enkelt kunne tent åtte meter på men P skulle sjølvsagt byrje frå lågaste punkt.
P gjekk på som ein isfres oppover og snø og kilosklumper med is hagla rundt meg mens han hakka seg veg oppover. Dei fyrste ti metrane gjekk kjapt men så kom eit problemområde. P satte eit par isbolter under før han gjekk laus på utfordringa. Etter litt ekstra tidsbruk på eit femmetersstrekk fekk han oppatt dampen og resten gjekk raskt til han runda kanten ute av syne for meg. Over kanten kom det plutseleg ein del ekstra store isklumper seilande utfor. Klumpane vart kasta hit og dit nedover fallet før dei uberegneleg slo ut i tilfeldige retninger rett over meg. Store klumper traff mindre enn ein meter frå meg på kvar side men sjølv gjekk eg klar. Litt flaks skal ein ha.
P var no oppe å sikra på toppen og så var det min tur.
Det var berre å bite tenna saman, sende nokre bønner i ymse retningar (litt heilgardering kan vel aldri skade…) og brote seg på.
Isen oppover var nesten loddrett, ishard og mykje tyngre enn den hadde vært lenger nede. Den stutte isøksa beit i tillegg dårleg oppover, den var vanskeleg å slå inn og verre å få til å henge. Andre øksa derimot var gull verdt, den satt som regel på fyrste hogget. Tok meg opp til fyrste isbolten og fjerna den. Lengre nede i løypa var isboltane festa på flat mark, det var merkbar forskjell å forsøke å fjerne dei hengande i isveggen etter øksa…
Måtte traversere litt bortover for å koma bort til neste sikringspunkt. Neste punkt var timeterspunktet der det satt to isbolter. Fekk raskt fjerna den fyrste og klipsa den inn på selen. Den andre var verre. Det hadde allereie isa opp over den så eg måtte hogge opp så eg fekk plass til å skru. Under skruinga presterte eg sjølvsagt å vri av carabinkroken frå bolten så den falt ned. Heldigvis stoppa den ved foten min men det var eit svare strev å få fiska den oppatt med øksa utan å falle eller miste den videre nedover.
Kreftane var no forlengst forsvunnet og føttene skalv ukontrollert etter å ha stått i låst posisjon under frigjeringa av isboltane. Lurte fælt på korleis eg skulle klare meg forbi problemområdet til P men eg måtte berre forsøke. Venstrearmen med den stutte isøksa (etterpå vart eg forklart at det sjølvsagt hadde vært betre å ha den dårlege øksa i høgrehanda da eg er høgrehendt…) var kraftlaus, noko som førte til ekstra mange bomslag som atter saug krefter frå den allereie kraftlause armen.
Eg tenkte misunneleg på folk flest som tilbrakte denne dagen på eit oppvarma kjøpesenter med triveleg julemusikk eller andre i ein varm bil med vener og familie på kryss og tvers over det ganske land på tur til juleselskap og julemat. Og her hang eg å svetta, banna og sleit. Life is a bitch…
Kom meg dog forbi problemområdet men kor lenge var Adam i paradis?
Forbi verste punktet klarte eg å sparke av steggjernet på høgrefoten, det var ikkje heilt ideelt. Steggjernet vart hengande etter reima men utan broddane hadde eg ikkje moglegheit til å koma høgare opp. På det punktet var veggen loddrett så det var ingen kvilemoglegheitar. Løysninga vart å klatre nedatt til ei lita hylle under problemområde. Det var eit lite skar inn i isen der eg fekk kila fast isøksa mens eg festa på att steggjernet. Operasjonen kosta nok eit kvarters tid og uendeleg mykje krefter. Så var det å brote seg laus att på problemområdet for andre gong, trur kanskje Danmark eller Nederland kan være fine land å emigrere til.
Veit ikkje heilt korleis eg kom meg videre oppover men oppover gjekk det. Isboltane vart ikkje lengre sortert og hengt sirleg på plass men klipsa innpå overalt der det måtte passe. Orden er for idioter, sanne geni beherskar kaos.
Kom meg etterkvart opp til horisonten og fant samme type is som P hadde sendt ned over meg. Eit hogg og store flak spratt laus og dundra nedover. Men no var slitet straks slutt. Isen flata ut med meire trinn og enklare klatring og nokre få meter lengre oppe sto P. Mæhlumsfossen hang under oss.

Kvelden var på veg og for å spare tid hadde P bestemt seg for å rappellere ned fossen. Eg hadde ikkje så mykje eg skulle hatt sagt for før eg fekk att pusten (men etter litt seigmenn og whisky) var han allereie på tur utfor.
Nokre minutt seinare var det min tur. Dei fyrste metrane gjekk greit men det var mykje is på tauget og snart fraus prusiken min fast til tauget mitt i veggen. Av med hansker, ein del bending og bryting før turen gjekk videre nedover utan hansker. Kaldt.
Sidan det var myrkt hadde eg satt på hovudlykt nedover. Reknar med vi hadde eit par tilskuere i byggefeltet på andre sida av dalføret…
Ute av tauget og ferdig med klatringa oppdaga eg at buksa mi var gjennomvåt (vittige tunger med ymse årsaksforklaringer til dette faktum kan halde kjeft! :) ) og kulda kom fort no. Vi tok oss difor ut på sørsida av åa og gjekk raskt nedover til bilen.
Eg har vært på mange turer som har resultert i svært euforiske gjensyn med Rolls Roycen min men eg trur dette er fyrste gongen eg har kasta meg over panseret for å grine… Alive!!! :-D

Isøksane fekk jobben gjort til slutt. Den blanke var ein velsignelse men den andre har eg ikkje mykje pent å seie om...
Isøksane fekk jobben gjort til slutt. Den blanke var ein velsignelse men den andre har eg ikkje mykje pent å seie om...

Var lite moglegheitar til å ta bilete oppover men har lagt ved nokre grovkorna eksemplar. Med eit bra fungerande kamera kunne ein brukt eit heilt liv på dei få hundremetrane utan å få med alle motiva frå i dag. Med snøfiller i lufta, lett blå himmel, eit godt lag snø på trea og skinnande blå og grøn is er det ein dag som seint vil gløymast.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Garm 30.12.2012 23:27

    Køyrer Ole Brum og seier ja takk båe delar. :)

    Men i fyrsteomgang er det nok tinder og nuter som får unngjelde da eg er avhengig av å ha med nokon med peiling på isklatringa.

    Bortsett frå at det er mindre smart å gå rett på isklatring når ein har tilbrakt heile hausten på rævva var det veldig artig, anbefalast!

  • -
    avatar

    Interessant lesning

    Written by mortenh 30.12.2012 18:11

    Bra skrevet og skildra. Blir det flere fosser eller er høer, kjøler og nuter med seigmenn ved varden å foretrekke?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.