Flott tur - også for ømme tær og såre lår (14.08.2022)

Written by AnneliH (Anneli Horgen)

Map
Ascents Hjerttinden (1,381m) 14.08.2022

Slitne bein etter gårdagens tur til Rohkunburri, men BigMob meinte denne turen var godt innafor det mulege, så han lempa meg av inni Rabbåsen, like ved skilting til Hjerttind. Sjøl skulle han roe ned og slikke såra frå i går… Turen er godt merka, og toppen synleg frå langt hald.

Hjerttinden til venstre med den markante steinformasjonen
Hjerttinden til venstre med den markante steinformasjonen

Uvanleg lett terreng å gå i og knapt ur, men det var ein motvillig kropp å dra med seg oppover i dag. Fekk følge av ein flokk reinsdyr innover mot foten av fjellet - dei vart både beundra og fotografert. På toppen var det til og med folk! Eit triveleg turfølge frå Harstad-området, så det vart både fjellprat og knipsing.

Med toppen i sikte - og folk!!!
Med toppen i sikte - og folk!!!
Ingen selfie i dag!
Ingen selfie i dag!

Trillande lett retur til triveleg overnatting på Finnsnes.
17,3 km, 1.405 høgdemeter og 6t t/r

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.