Nok ein etappe av Rondanestien vart gått. Turen gjekk gjennom fint og rolig høgfjellsterreng, før det plutseleg vart meir dramatisk ved Dørfallet. Etterpå gjekk turen over Veslefjellet, slik at det vart samla inn nok ein topp til Ringebulista :). Ein stopp innom Veslefjellbua vart det også.
Her har vi nettopp gått over bru over elva Hira.
Utsikt mot Stulshøgdin.
Slakt og lettgått fjellterreng.
Ongsjøfjellet i Gausdal er riktig nok langt herifrå, men lurer faktisk på om det er det vi ser her?
Utsikt mot mellom anna Stakkstolia (flat topp i venstre bilde) der eg var førre helg. Det går ein rein ned på myra her også, om lag midt i bildet.
Her var det berre til å ta av seg på beina :) Denne elva/bekken skulle vise seg å renne ned i dramatiske omgivelser lenger ned (Dørfallet)!
Langt borte ser vi nokre større og spissare toppar. Undersøkte litt nærare, og lurer faktisk på om det er ein topp ved namn Store Veotinden.
No blir det dramatisk, her er Dørfallet!
Bratt kløft (Dørfallet) med slakare fjellområde og Muen i bakgrunnen.
Sjølv om det heiter Veslefjellet, prøver varden å protestere på namnet!
Då er vi på Veslefjellbua, med utsikt mot rolegare fjellområde og Muen i bakgrunnen.
User comments