Sandvassheia med litt klabb og babb (11.08.2022)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 42min
Distance 6.8km
Vertical meters 454m
GPS
Ascents Sandvassheia (655m) 11.08.2022

Etter overnatting i Malm køyrde vi til demningen i Holden der vi hadde tenkt å starte. Så mykje vatn blei sluppe over magasinkanten at vi ikkje greidde å krysse elva unde demningen. Plan B blei å køyre 500 meter nedover og ta skogsvegen til høgre der det stod markert bru. Vi parkerte oppe i bakken og gjekk ned vegen som endte i store vassmasser. Umogleg å krysse! Etter ein kjapp titt på kartet, køyrde vi difor rundt Follavatnet til vatnet Kjåppån, der vi tok ein skogsveg inn til høgre (den same som endte i vassmassene som vi snudde ved litt tidlegare). Gjekk setervei/stig til Midtersetra (?), og derifrå busha vi rett opp dei bratte myrliene til vi kom opp på fjellet og kunne styre mot varden. Heilt grei trase. Vi brukte 1 time og 9 minutt. Eirik snudde, for han ville løpe tilbake til bilen. Anne og eg fann ein lun rasteplass og koste oss litt i sol og vind og med flott utsyn. Det var eigenleg ganske surt oppe på fjellet, men meir sol enn meldt. Heimturen gjekk fint, og vi møtte Eirik som kvilde i bilen. Då vi skulle dra, køyrde teslaen seg fast på ein stor stein som stakk opp av vegen. Imens hadde Tom, som hadde kviledag, køyrd nesten fram til oss, og med hans jekk og mi isøks, og ein del praktisk problemløysing, greidde Anne og Eirik å lirke bilen av steinen! Fint med praktiske turkameratar, eg sjølv er ikkje inkludert i den kategorien! Uansett: 6,8 km, 454 hm, 2 timar og 42 minutt inkludert pause.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.