Tour de grytavatnet (05.08.2022)

Written by Trondner (Trond Neraas)

Map
Ascents Grytavasstinden (1,328m) 05.08.2022
Heimste Skorkja (1,323m) 05.08.2022
Heimste Skorkja nordvestryggen (1,200m) 05.08.2022
Litlebottstinden (1,299m) 05.08.2022
Sandegga (1,360m) 05.08.2022
Storbotnshornet (1,370m) 05.08.2022
Storbotnshornet Vest (1,363m) 05.08.2022
Tverrbotnsegga (1,276m) 05.08.2022
Grytavasstinden Vesttoppen (1,310m) 05.08.2022

Skulle ein tur på grytavasstinden. Artig klyving langs eggen. Vel framme på toppen hadde eg brukt meir tid frå setra og til trongbotnen enn på sjølve klyvinga. Storbotnshornet frista med sin tilsynelatande skarpe egg. Artig tur. Eit vanskeleg punkt like før toppen med stup og rapellfeste. Gikk til venstre og der gjekk det greit å klyve ned men ein bør absolutt vare forsiktig. Nådde toppen og kunne ikkje snu no, ville gå like lang tid attende. Fortsatte til sandegga og ut til fremste skorkja. Hadde tenkt å gje meg her men ein langstrakt rygg fanga oppmerkspmheita til venstre for meg med noko som likna ein lang og skarp egg strake vegen til varden på toppen.Fortsatte turen med å gå tilbake til sandegga og klyve ned i skaret. Skodda kom sigande so eg skunda meg opp langs «vindelbrua» mot den langstrakte ryggen sitt toppunkt. Litt luftig og eit par punkt der ein må passe på. Like før toppen var det stopp. Ein bratt vegg tilsynelatande tøff å forsere uten utstyr, luft på alle kantar og skodde fekk meg til å returnere til ned til skaret. Der slo eg vegen mot fjellets sørlige toppunkt opp fjellsida. Slitsomt sidevegs i snø og ur men baska meg opp. Litt bratt mot slutten. Først innom toppen på denne sida(Sandfjellet) før videre til det høgste punktet. Fann ut at fjellet heite « Heimste skorkja». Nedstigning via fjellsida mot grytevatnet og småjogging tilbake til grytalisetra i myr.Fann feil sti og måtte over det som må være grytalisetra sitt grand canyon med kryssing av elverenne og ei hissig elv. Det som skulle vare ein kjapp tur på grytavasstinden endte opp med 8 toppar og ca 8 timar. Grytavasstinden og storbotnshornet absolutt indrefileten på denne turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.