Nummestolane og Rambertinden då godvêret kom til Sogn (28.07.2022)  6

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Start point Grønsberg P-lomme (456m)
Endpoint D. S. (460m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 06min
Distance 21.0km
Vertical meters 2,018m
GPS
Ascents Nummestolane (1,640m) 28.07.2022
Rambertinden (1,623m) 28.07.2022

Sogn skjenka unntaksvêr, Balestrand skein på andre sida av fjorden, og med skurefilla i handa lurte eg på om manglande morgondisiplin og campinghyttevask kom til å påverke dagen.
Grønsberg P-lomme, folk på garden og firehjulstrekkar ved bommen. Han hadde hogd ved, og eg var nøgd med å ha vald vegen opp til stølen som start på turen, og ikkje innmarka og stien som skal gå opp frå denne. Det såg ikkje ut som brakkmark, og då skal en halde seg frå å gå over i vekstsesongen. Eg trur og at vegen var eit effektivt vegval.

Oppe på stølen kryssa eg mot den store Stuasetbotnen, med imponerande kulisse i bakgrunnen og godt framkommeleg terreng.

Etter kvart vart det fleire sauar. Nysgjerrige, og truande til å følgje tinderanglaren langt og lenge. Eg lika ikkje tanken på at dei vart dregne opp i meir steinete terreng og brukte nokre skremmestrategier som ikkje på noko vis ga resultat. So auka eg pulsen eit lite stykkje opp til det skiktet eg ikkje skulle vere i denne dagen, og då ga dei opp.

No vart det bratt og laust, og den stien som nestan var samanhengande langs elva i botnen, kunne sjåast som striper av finmaterial. Men her er det lett å velje andre vegar. I godvêr er ikkje det dramatisk. Oppe på høgfjellet, som her er enkelt definert som det som ligg over brattkanten, er det brerestar og mykje årssnø. Eg valde å gjere Nummestolane (-stolen?) fyrst, passerte det første vatnet på vestsida, kryssa over til eit anna og gjekk laus på toppartiet.

Isen var mange plassar synleg tjukk, og det freista å krysse rett over. Men eg gjekk rundt. På toppen: Euforisk augeblink, med eit utsyn som det ville kreve ei større utgreiing å kartlegge. Men kortversjonen: Eg meinte at eg såg Hårteigen som eit formavvikande fjell i Hardangerviddesegmentet, so Hardangerjøkulen, Folgefonna, Stølsheimen med fjell rundt munninga av Sognefjorden, "Balestrandalpane" med overgang mot jostefonnrestane og fjella der. Jostedalsbreen var delvis gøymd bak skyer, og korkje Kåpa eller kjende nordfjordfjell lot seg plukke ut. Breheimstoppar, og så, inn og ut av skyene, Hurrungane og nokre parti lenger sør i Jotunheimen.

Utsikta frå det mest primære fjellet i Sogn sør for Sognefjorden og vest for Nærøyfjorden er formidabel.
Mellom anna, Hårteigen og Folgefonna.
Utsikta frå det mest primære fjellet i Sogn sør for Sognefjorden og vest for Nærøyfjorden er formidabel. Mellom anna, Hårteigen og Folgefonna.

Uvanleg lang matpause og mykje mat (sjølvbaka bananbrød). So var det snøfonnfest nestan utan avbrot til der det byrja å gå opp att. Eit vegvalsalternativ med meir snø hadde ført meg lengre ned mot dalen mellom massivet og Fresvikbreen, men trass i at det hadde vorte lang, rask glissade, valde eg å ikkje kaste bort so mykje høgd.
Laust, og litt småklyving der eg valde å gå opp på Rambertinden.

Rambertinden: Det stig opp ein Jotunheim der ute.
Rambertinden: Det stig opp ein Jotunheim der ute.
Betre utsikt mot Josten frå Rambertinden
Betre utsikt mot Josten frå Rambertinden
Fresvikbreen
Fresvikbreen

På nedturen kom eg over ei varderekke utan sti, på ryggen vestover frå tinden. Einskilde, store varder, ikkje alltid logisk plassert. Etter kvart vart eg i tvil om det var gagn i å finne ut kor dette førte vidare, og der eg måtte ta eit val - over vatnet der eg kom opp, hoppa eg ned på snøflankealternativet. Raskt ned til vatnet, og eg såg ikkje att dette forsøket på å opprette ei rute.

Ned brattkanten, ut i botnen. No var sauane meir blaserte. Eg tok ei litt dårlegare linje ned mot stølen og kom ned, etter meir skog og kratt enn på oppturen, på stien som går søraustover frå stølen.
Til slutt springeetappe på vegen, med oppfangande bruk av stavane for å avlaste beina. Og ja, det er betre med litt tendinitt i tricepsfestet enn med øydelagde lår med tanke på turar som kjem.
Og - for ein tur ...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.