Ville vesten! Ein innertier av tur! For ein dag :) (01.08.2022)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Hike
Duration 7h 27min
Distance 18.7km
Vertical meters 1,565m
GPS
Ascents Storevarden (1,425m) 01.08.2022 11:18
Sørsendalsegga Sør (1,348m) 01.08.2022 11:18
Sørsendalsegga nord (1,345m) 01.08.2022 11:18
Tverrfjellet (1,373m) 01.08.2022 11:18

Vekslande sommer ifrå solgløtt til regn og sludd på topper over 1000 moh i denne perioden!! Slutten av juli & begynnelsen av august. Likevel kan ein nyte kontrastane til fulle i natur opplevelser. Dette kan eg kalle nærtur! Ca ein time å køyre ifrå Sanddal til Kandal i Gloppen. Eit vanvittig fint og vilt naturområde. Veret denne dagen var lova litt betre med sol og nesten heilt opplett. Det stemte ikkje heilt ifølge yr. For det var regn, skodde, nokre minutt med sol og sluddbyger undervegs på turen denne dagen. Noko som gjorde eit av rutevalget til fundering og lite informasjon var der å hente. Det var berre å kike på kartet og studere det bratte terrenget. Korleis finn vi den ruta vi har mest lyst på og den mest tenlige ut ifrå vårt mål. Vi satt ei lita stund å tygga på brødskiva og studerte rasryggen og svaberget opp under midtre Sørsdalsegga 1246 og Sørsdalsegga 1348 Det var den kortaste rundruta til dei fire fjelltoppane som var tenkt. Vått og sleipt, det tok litt tid for å kvalitetssikre valga oppover! Ikkje å anbefale på vått underlag! Mykje lausgrus på svaberga oppover! Men, definitivt ei fin rute. Det vekslande veret gjorde likevel til at kontrastane i mektig natur, bilder og opplevelse var formidabel. Ville vesten følelsen var ein tanke og følelse eg hadde for dette området.

Parkerte oppe ved Ytre Kandals-støylen og Nesstøylen. For eit område med mange tur muligheter inn i Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde.
Parkerte oppe ved Ytre Kandals-støylen og Nesstøylen. For eit område med mange tur muligheter inn i Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde.
Sørsendalen.
Sørsendalen.
Markant rygg til Botnafjellet 1572
Markant rygg til Botnafjellet 1572
Valgets muligheter i ukjent område! Kanskje Sørsendalsbreen eller kanskje rasryggen opp mot Sørendalsegga!!
Valgets muligheter i ukjent område! Kanskje Sørsendalsbreen eller kanskje rasryggen opp mot Sørendalsegga!!
Det vart rasryggen og svaene opp mot Sørendalsegga 1346 med eit mektig skue til Sørsendalsbreen.
Det vart rasryggen og svaene opp mot Sørendalsegga 1346 med eit mektig skue til Sørsendalsbreen.
Digg å komme opp svaene! Mektig skue mot Storevarden 1425 og kort veg vidare opp til toppen Sørsendalsegga 1346
Digg å komme opp svaene! Mektig skue mot Storevarden 1425 og kort veg vidare opp til toppen Sørsendalsegga 1346
Mot Storevarden 1425 m og Sørsendalsvatna
Mot Storevarden 1425 m og Sørsendalsvatna
Ryggen av Botnafjellet
Ryggen av Botnafjellet
Bautaen Botnafjellet 1572 og Sørsendalsbreen ifrå Sørsendalsegga 1346
Bautaen Botnafjellet 1572 og Sørsendalsbreen ifrå Sørsendalsegga 1346
Ifrå Sørsendalsegga 1346
Ifrå Sørsendalsegga 1346
Bratte fine lier opp mot Sørsendalsegga nord
Bratte fine lier opp mot Sørsendalsegga nord
Sørsendalsegga midtre 1244 med Sørsendalsbreen
Sørsendalsegga midtre 1244 med Sørsendalsbreen
Sørsendalsegga nord 1346
Sørsendalsegga nord 1346
Liten varde må til på Tverrfjellet
Liten varde må til på Tverrfjellet
Sludd og skodde ifrå Storevarden 1425
Sludd og skodde ifrå Storevarden 1425
 Storevarden 1425
Storevarden 1425
 I ly ved Storevarden 1425
I ly ved Storevarden 1425
Ifrå Tverrfjellet
Ifrå Tverrfjellet
Ifrå Tverrfjellet
Ifrå Tverrfjellet
Tilbakeskue mot dei grønne Sørsendalsvatna, Sørsendalsbreen og Sørsendalsegga/fjella
Tilbakeskue mot dei grønne Sørsendalsvatna, Sørsendalsbreen og Sørsendalsegga/fjella
Grøderik dal!
Grøderik dal!
Vestern fjella!
Vestern fjella!
Eit nydelig støylsområde.
Eit nydelig støylsområde.
Endelig fint også å komme heim til kveldsola ved Jølstravatnet :)
Endelig fint også å komme heim til kveldsola ved Jølstravatnet :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.