Lang dags ferd… (30.07.2022)

Written by AnneliH (Anneli Horgen)

Map
Ascents Store Hestbreapiggen (2,172m) 30.07.2022
Toppen i sikte. Ryggen opp godt synleg i framkant av Låven.
Toppen i sikte. Ryggen opp godt synleg i framkant av Låven.

Denne kommunetoppen har ligge og murra i mange år, og endeleg klaffa det med både vêr og tid. Lysten på å ta denne m.fl. frå Notasæter var stor, men eg tok altså ikkje sjansen på å foresere den traversen aleine, så det vart med start frå Lundadalen - og jammen krabba det ikkje endå ein kommunetoppsankar ut av ein bil! Han var ein smule yngre og langt sprekare, så etter ein liten fotoseanse (takk for den) fekk han springe vidare i eige tempo.

Lundadalen var, som venta, av det lange, vakre slaget, men toppen var tydeleg når ein kom opp i høgda og begynte traskinga innover. Eg var dum og gjekk inn til Sauhytta før eg begynte å tenkje på å krysse, så her vart det litt vassing over elva - forfriskande for tærne, men unødvendig tidsbruk på ein lang dag. Så til dei som skal gå etter: Ta over brua ved Røysflatan og følg gamal merka sti retning Trulsbu, altså på aust sida av elva.

Brua sett frå austsida
Brua sett frå austsida

Eg valde å gå opp ura på vestsida av toppen. Nokre drøye høgdemeter å forsere, men ura flatar ut med meir lettgåtte steinar over kvelvet mot toppen.
Gildes turmat smakte godt og gav krefter til ein tur bort til traversen og røysa der.

Retur samme veg, dvs. at nå var eg fornuftig nok til å følgje elva på austsida og krysse over brua. Brukte drøyt 10 timar inkludert elvekryssing og gode matpausar.

Lundadalen - sett frå sånn ca. midt i steinrøysa…
Lundadalen - sett frå sånn ca. midt i steinrøysa…

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.