Senddalen og Råken (30.07.2022)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 20min
Entfernung 16,5km
Höhenmeter 1.422m
GPS
Besteigungen Råken (1.388m) 30.07.2022 18:09

Kombinasjonstur. Eitt mål var Øystøl i Senddalen. Den er med på dei 10 postane til Lærdal turlag, Stølstrimmen 2021/22. Neste var Bøastølen, ein verkeleg bortgøymd stad i Lærdalsfjella. Men utruleg vakker. Dette turmålet er med på Lærdal turlag si SjekkUt-liste over alle turmål. Det er f.t. 79 mål. Dette vart min nr. 75 og 76. På veg måtte eg innom ein topp for å forsvare bruken av Peakbook-appen. Det falt seg på Råken, eit vakkert gjeilete fjell sett frå nedi dalen. Toppen hadde stor varde og ein pmf. på 93 meter. Tenkte litt på Stora Hånosi, men det var for sein start i dag. Ruta i dag er delvis merka og omtala på tavle ved start, og på ut-appen. Det er ein gamal stølsveg til Senddalen. Det går så sti rett ut frå raude sælet, og opp til Bøahytta. Greitt å finne stien, det er hoggbratt, men ikkje vanskeleg. Oppå fjellet er det ikkje sti til Råken, men trakk frå Bøahytta og over til Bøastølen. Svært vakkert oppå fjellet her. Utsikt til Stora Hånosi, Lærdal sitt nest høgaste fjell, 1836 moh. Flotte botnar, og grøne fine vidder oppå fjellet. Fin tur, men ganske tøft med så mange høgdemeter. Eit tips når ein skal til Stora Hånosi, er å gå opp til Bøahytta, og så rett opp ryggen til topps. Trur det er meir greitt enn å bakse inn i Senddal-botn, og opp bufor-skåri.

Frå Sendalen mot Saltkjelen.
Frå Sendalen mot Saltkjelen.
Selet mot botnen.
Selet mot botnen.
Sendalsbotnen. Buforskori tek ein inn i fjellheimen.
Sendalsbotnen. Buforskori tek ein inn i fjellheimen.
Råken.
Råken.
Fin varde på Råken.
Fin varde på Råken.
Jostedalsbreas kvite teppe mot nordvest.
Jostedalsbreas kvite teppe mot nordvest.
Frå Råken mot Bøastølen.
Frå Råken mot Bøastølen.
Frå Bøastølen mot Råken.
Frå Bøastølen mot Råken.
Bøastølen.
Bøastølen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.