Visbretind via Nordryggen (29.07.2022)  6

Written by Peder (Peder Sperstad)

Start point Leirvassbu (1,403m)
Endpoint Leirvassbu (1,403m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 30min
Distance 17.0km
Vertical meters 1,358m
GPS
Ascents Kyrkja (2,032m) 29.07.2022
Langvasshøe (2,030m) 29.07.2022
Visbreatinden (2,234m) 29.07.2022
Visbreatinden N1 (2,039m) 29.07.2022
Visbreatinden N2 (2,020m) 29.07.2022

Flott rundtur til Visbretind med Hans Morten via Nordryggen. Smal og morsom rygg, og spennande alternativ til den vanlege ruta via Langvasshøa.
Ruta oppover ryggen gjev seg sjølv. Eit par smale parti og lett klyving. Etterkvart lett over N2 (9m PF) og N1 (11m PF). Etter dei smalaste partia kjem ein inn i den breiare vestflanken på Visbretind. Vi fulgte stort sett kanten mot Visbrean heile vegen. På venstre side av renne med snø/grus utan å krysse denne før på oversida av renna. Like før toppen er det ein bratt hammar som vi kleiv rett på i stadan for å prøve å runde. Nedover fulgte vi vanlege løypa ned til Leirvassbu. Måtte også oppom Kyrkja når vi først gjekk forbi :)

Flott start på turen innover Kyrjeglupen
Flott start på turen innover Kyrjeglupen
Kyrkja viser seg frå si beste side bak Kyrkjetjønna
Kyrkja viser seg frå si beste side bak Kyrkjetjønna
Dagens mål: Nordryggen til Visbretind
Dagens mål: Nordryggen til Visbretind
Smal og morsom rygg oppover mot toppen
Smal og morsom rygg oppover mot toppen
Visbretind N1 med 11 meter primærfaktor er ein bonusknaus for spesielt interesserte midt på ryggen
Visbretind N1 med 11 meter primærfaktor er ein bonusknaus for spesielt interesserte midt på ryggen
Fyrste besøk på N1 for underteikna
Fyrste besøk på N1 for underteikna
Siste hammaren før toppen er det brattaste på heile Nordryggen. Enklare enn det kan sjå ut på avstand
Siste hammaren før toppen er det brattaste på heile Nordryggen. Enklare enn det kan sjå ut på avstand
Siste hammaren før toppen
Siste hammaren før toppen
Kyrkja blir lita bak Visbretind
Kyrkja blir lita bak Visbretind
Høgvagltjønn med si karakteristiske farge
Høgvagltjønn med si karakteristiske farge
Kunne ikkje gå forbi Kyrkja utan å oppom ein tur
Kunne ikkje gå forbi Kyrkja utan å oppom ein tur

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.