Steinnova og Stolen - Gaular komplett (27.07.2022)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Oppedal
Endpoint Oppedal
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 19min
Distance 23.6km
Vertical meters 1,304m
Map
Ascents Steinnova (1,177m) 27.07.2022
Stolen (1,150m) 27.07.2022

Etter det eg har forstått, er vegen opp til Oppedalsdale ikkje eigna for bilar som den eg har. Parkerte eg difor nede og gjekk opp grusvegen. Tok av rett før brua som er midt i dalen og fulgte ein meir eller mindre synleg sti oppover mot Sygneskaret. Oppe i skaret tok eg av til venstre der eg såg eg kunne komme meg opp på Steinnova.
Sikta meg vidare inn mot Stolen og traff sånn noko lunde. Gjekk langs vatna og opp på toppen. Der hadde eg ein liten rast før eg sikta vidare mot Sauebotnfjellet og Storehaugen og ned mot traktorvegen som går til Oppedalsstølane. Fulgte traktorvegen nedatt til bilen.
på veg nedatt traff eg på bonden som skulle ordne med bom mot kyrne. Han fortalte at før vegen var lagd, så gjekk dei opp via Gjermundstadskaret og ned Strupen med kyrna sine. Litt av ein tur, då eg tykkjer den ser litt vel bratt ut for å få kyrna ned dit.

Denne dukka opp bak ein stein
Denne dukka opp bak ein stein
Utsikt ned mot Oppedal og oppover mot Gaularfjellet, her ser du også vegen som er sprengt inn i fjellsida
Utsikt ned mot Oppedal og oppover mot Gaularfjellet, her ser du også vegen som er sprengt inn i fjellsida
Varden på Steinnova
Varden på Steinnova
Utsikt mot Stolen
Utsikt mot Stolen
Utsikt mot Skarfjellet og Huldrenova.
Utsikt mot Skarfjellet og Huldrenova.
Havren og trappene i Høyanger
Havren og trappene i Høyanger
Flott utsikt mot alle vatna nedanfor Stolen
Flott utsikt mot alle vatna nedanfor Stolen
Utsikt frå Stolen
Utsikt frå Stolen
Lurte på kva denne var til
Lurte på kva denne var til
Utsikt mot Stolen frå Sauebotnfjellet
Utsikt mot Stolen frå Sauebotnfjellet
Utsikt tilbake til ruta eg gjekk opp mot Steinnova
Utsikt tilbake til ruta eg gjekk opp mot Steinnova
Denne grinda sikrar i alle fall ikkje mot sau. Og det var ikkje meninga
Denne grinda sikrar i alle fall ikkje mot sau. Og det var ikkje meninga
Vegen nedatt
Vegen nedatt
Smal veg nedatt til Oppedal
Smal veg nedatt til Oppedal
ettersom eg ikkje får lasta ned så store filer som kartfila, har eg valt å ta kopi av ruta her
ettersom eg ikkje får lasta ned så store filer som kartfila, har eg valt å ta kopi av ruta her

ruta finn du på Strava
https://www.strava.com/activities/7538050347

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.