Luster: Langanesnovi (23.07.2022)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Ugladalen (174m)
Endpunkt Ugladalen (174m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 49min
Entfernung 7,4km
Höhenmeter 880m
GPS
Besteigungen Langanesnovi (1.052m) 23.07.2022 16:51

Det er gode parkeringsmuligheter ved turstart Ugladalen. Gjekk veien mot hytta og tok av til høgre bratt opp ein slags gjengrodd traktorvei. Kom opp til ei mark, over denne og bak nokre murer. Her fann vi stien, delvis raudmerka men slett ikkje mykje brukt. Den er likevel grei å følgje, men ein del vegetasjon i enkelte parti. Så er det den brua over elva. Her vart vi overraska i og med at den var demontert. Heldigvis var vassføringa så lav at vi ikkje hadde problem med å krysse. Men, skal du hit bør du være klar over dette. Flakane låg på sørsida av elva og krokane som går på 2 wire over elva var dratt til side. Dette sjølvsagt fordi brua ikkje skal bli øydelagt i løpet av vinter og vår. På 800 mot flater det ut og stien går mot Vetla Hongi. Vi fulgte denne lenge før vi runda av og gjekk mot toppen fra aust. Dette virka som det enklaste og er å anbefale. Fin utsikt innover mot Veitastrond. Det er nokre slike plassar i S&F, skikkeleg avsides. No kom vi ikkje heilt inn denne gongen, men dit skal vi ved eit anna høve.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.